Tussetind og Therese Bertheau

Les boka
Den beste sommarruta til Tussetind er frå Skjåk. Toppen har namnet Austre Holåtinden i dag  Du kan køyre inn Lundadalsvegen og følge skogsvegen 6,6 km til Lundadalssætre. Gå DNT si rute til Trulsbu. Turen er oppsett til 7 timar.

Følg DNT-stigen vidare frå Trulsbu mot Nørdstedalseter opp Vesldalen til flata ved vatn 1431. Gå i terrenget opp austre ryggen til Austre Holåtinden.  Du kan gå vidare til Midtre Holåtinden og Vestre Holåtinden. Breen mellom Vestre og Midtre Holåtinden har mange stygge sprekkar.

Tussetind vart oppkalla etter Therese Bertheau som gjekk som den fyrste på toppen i 1896. Toppen ligg sør-aust for Sota sæter. Toppen fekk den gong namnet Tussetind fordi Torgeir Sulheim meinte det var for vidløftig med Theresetind. Men før dei kom så langt, hadde fylgjet bak seg lange dags- og nattmarsjar.

Therese Bertheau
Therese Bertheau (1861-1936) var ein norsk fjellpionér. Hun var aktiv som fjellklatrar frå 1884 til 1910, og klatra over 30 fjelltoppar, mange av dei som fyrste kvinne. Bertheau vart etterkvart ein god klatrar, og hun deltok på ekspedisjonar med dei beste norske og engelske klatrarane, som William Cecil Slingsby og Fredrik Arentz. Therese Bertheau vart fyrste kvinne på Storen i 1894.

Skjolden - Hardbardsbreen
Therese Bertheau starta turen frå Skjolden klokka ni om morgonen 3.august 1896 saman med Fredrik Arentz og Torgeir Sulheim. Dei  gjekk nordover Mørkrisdalen og spiste lunsj klokka tre ved ruinane av Sveidals-sæter. Der kunne fylgjet sjå ei utruleg utsikt mot Spørteggbreen. Dei gjekk vidare, og klokka halv ti om kvelden, hogg dei inn trinn for å komme seg opp på søre del av Hardbardsbreen.

Hardbardsbreen
Hardbardsbreen strekk seg frå nord for Skjolden heilt opp mot Sota sæter. Den var tidlegare kryssa på tvers av nokre få nordmenn og engelskmenn. Ingen hadde tidlegare vandra over breen frå sør til nord. Dei fortsette vandringa nordover på Hardbardsbreen heile natta igjennom, og Therese hadde god tid til å nyte opplevinga: ein kald og klar himmel med ein tynn måne, og med utsikt mot Horrungane, Smørstabbtinden, Tverrådalskyrkja, Tundradalskyrkja, Hålåtindane, og Hestbreapiggane.

Tverrådalskyrkja - Sota
Tverrådalskyrkja mot topp 2034 og Harbardsbreen
Etter 6 timar sto fylgjet ved foten av Tverrådalskyrkja. Dei hadde planlagt å sjå soloppgangen frå toppen, men tåka kom sigande. Tåka letta ikkje, men etter venting i fleire timar, klatra dei likevel opp.

Klokka halv åtte sto dei i tjukk tåke på toppen. Varden fortalte at dei ikkje var dei fyrste til å nå toppen. Dei traverserte ned, og måtte runde nokre store bresprekkar.

Fylgjet nådde Sota sæter halv tolv den dagen, etter ein tur på 26 timar.


Tussetind 2043 moh
Austre Holåtinden sett frå nord med Holåbreen framfor
Dagen etter, 5. august, dro Therese Bertheau, Fredrik Arentz og Torgeir Sulheim sør-austover og gjekk ut på Holåbreen. Dette var den styggaste breen Therese hadde sett, full av sprekkar. Dei klatra raskt opp på Austre Holåtinden, og bygde ein varde. Sulheim og Arentz ga fjellet namnet Tussetind.

I våre dager har Kartverket feilplassert Tussetind på ein knaus med høgde 1956 moh ved Midre Holåtinden.

Dei tre gjekk vidare heile natta, og ved soloppgang dagen etter nærma dei seg Høydalseter. Klokka fire om morgonen var dei framme etter ein tur på nesten eit døgn.

Vestre Hestbreapigg 2139 moh
Vestraste Hestbreapiggen frå Vestre Hestbreapigg
Same dag, klokka halv tolv, satte dei av garde mot Hestbreapiggane. Vestre pigg var målet. Etter ein halvtime klatring langs den smale ryggen på Vestraste Hestbreapiggen, nådde dei toppen på Vestre Hestbreapigg. Her var det ingen varde å sjå, og dette vart Therese sin fjerde fyrste-klatring.

Arentz døypte toppen for Sulheimspiggen. Dei gjekk ned frå toppen om kvelden, men natta og mørkret kom. Sulheim lagde eit bål, og i varmen frå bålet sov dei nokre timar gjennom natta. Endeleg, klokka sju om morgonen kom dei til Nørdstedalseter.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren