Raudberget
Raudberget på Lesjaskog |
TGL-komplekset dannar ein Y som strekker seg frå Tafjord og Lesjaskog til Grotli og ned til Sota i Skjåk. Raudberga er typiske for TGL-komplekset.
Raudberga er bygd opp av bergarten peridotitt. Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget.
Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset |
Serpentinitt og olivinstein har eit tynt oksidasjonslag på omlag 1cm yttarst som er svært ulikt den finkorna og mørke friske bergarten. Raudberga er så næringsfattige at det blir liten eller ingen vegetasjon på jordsmonnet som blir danna ved forvitring. Viktige næringsstoff som til dømes kalsium, kalium og fosfor manglar heilt i raudberga. Rauberga er nakne, raude og ofte sterkt oppsprukne i blokkar.
Olivin er ein av hovuddelane i mantelen. Mantelen ligg 2800 km under jordoverflata. Attende i urtida ble olivinbergartar pressa opp til jordoverflata som magma, for seinare å bli trykt ned til 70 km dybde. Her ble dei omdanna under høge trykk- og temperaturar. Under fjellkjedefoldinga i kaledonsk tid, er raudberga pressa opp til overflata. Det er uvanleg, sjølv i global målestokk, å sjå dei djupaste delane av havbotnskorpa så godt eksponert som i Raudberga.
Ved metamorfose kan olivin reagere med vatn og luft og danne mineral som serpentin og talk og bergarten serpentinitt. Elles inneheld rauberg magnesitt, tremolitt, kloritt, kromitt. Og ørsmå mengder av platina og palladium. Den reine krystallen av olivin blir kalla peridot. Det er ein halvedelsten. Nokre av verdas største og vakraste peridotar kjem frå Åheim på Sunnmøre. Peridot var den mest populære smykkestein i barokktida og skulle bringe lykke til eigaren. Peridot er fødselssteinen for dei som er fødd i august og står for namngjeten, styrke og energi.
Kommentarer
Legg inn en kommentar