Raudberget
Raudberget på Lesjaskog Raudberga stikk opp av grunnfjellet mange stader mellom Lesja og Skjåk i det som blir kalla Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset. Raudberga er eit olivinberg som er særs rike på mineral. TGL-komplekset dannar ein Y som strekker seg frå Tafjord og Lesjaskog til Grotli og ned til Sota i Skjåk. Raudberga er typiske for TGL-komplekset. Raudberga er bygd opp av bergarten peridotitt. Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget. Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset Det er bergarten serpentinitt som gjev farga. Den består av minerala serpentin og olivin i noko varierande blanding. Når innhaldet av serpentin går ned og olivin blir det dominerande mineral i bergarten, er det rett å kalle bergarten olivinstein. Overflatefarga er ofte meir gul for olivinstein og meir raud for serpentinrike typar. Rein olivinstein er førebels ikkje funnet. Vi finn også meir grøne lag av...