Fellingsvatnet

Søndagstur til Fellingsvatnet på Lesjagrensa i godvær.

Stigen heitte Løvegen i tidlegare tider. Løvegen er avleda av Lomsvegen, og  gjekk over til Lordalen i Lesja. Folk frå bygdene nytta ferdselsvegen for å komme til Romsdalen og Romsdalsmarknaden på Veblungsnes.

Ved Fellingsvatnet lå eit massefangstanlegg for rein.
Her kan du sjå restane etter ein steinmur som strekker seg over halvøya du går over, og vidare opp mot Fellinghø. Totallengde av muren var om lag 1200 m. Da den var i bruk, har muren truleg vore høgda med treverk.

Reinsflokken vart jaga mot steinmuren og pressa lagsmed og ut i vatnet. Reinen vart fanga i vatnet eller mot den bratte kanten på vestsida av vatnet. I vatnet var det truleg lagt ut lenser for å styre reinen mot den bratte skrenten på andre sida av Fellingsvatnet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren