Gruvelia
![]() |
Eng langs gardsvegen ovanfor Åheim |
Gruvlisetra
Her er ei gamal setergrend der det var to setrer.
Måsådraget
Utnytting av utmarka har alltid vore vesentleg for jordbruket på Lesja. I tillegg til setring og sommarbeite utnytta folk før i tida dei viktigaste utmarksressursane mose, lauv og slåttemyrer. Dei siste vi veit som dreiv med lauving og mosetaking, slutta med det på 1950-talet.
Måsådråget startar ved Gruvlisetra. Det er eit råk som går heilt opp på snaufjellet og vidare innover heilt til Vangsflya der m.a. Bjølverudgardane samla storparten av sin mose.
Mosetaking
Mosetakinga vart gjort mellom slåttonna og skuronna. Liten og stor for til fjells, heldt til i små måsåbuer, og bruktefleire dagar til å samle kvitmose som vinterfor til krøttera.
Lauving
Dei beste trea for lauving var bjørk og osp. På Lesja kan ein framleis fleire stader i liene sjå områder dominert av osp. Dette var esper der andre treslag vart haldne unna fordi ospetrea skulle lauvast.Til lauving vart det brukt spesielle lauvkniver med krumt blad og sturr skaft. Lauvinga vart gjort når lauvet var fullvakse, men framleis ungt. Lauver vart særleg brukt som tilleggsfor for geit og sau, men av og til også for kyrne.
Myrslått
Folk slo gras over alt i utmarka der det ikkje var nedbeita av dyr, men det som monna mest, var slåttemyere og starrkantane i vatna. Dett var ei onn som kom når slåtten i bygda var over. På same måten som ved mosetaking, var det vanskeleg med transporten om sommaren. Høyet vart derfor lagt i stakk, og henta på vinterføre, når myrene var frosne og framkommelege. Namnet Stakston som vi finn mange stader, vitnar om at her var det reist høystakk.
![]() |
Utsikt frå stigen like ovanfor Slettlegan |
Vegen hit og vidare heiter Slettlegarvegen. Ei lega er ei flat hylle i ei bergskråning. I området er det mange slike legar. Dei stuper gjerne bratt ned på nedsida. I jernverkstida var Slettlegavegen ei viktig transportåre.
Fjellgruvene
Fjellgruvene var truleg dei viktigaste gruvene i Lesja. Alle tre ligg på snaufjellet omlag 1060 moh, og er antakeleg dei høgast beliggande jerngruvene i landet. Vi trur at dette er dei eldste gruvene, for her var det lett å sjå malmårene i dagen. Jernmalmen kan sjåast dels som svarte, dels som raude striper i berget. Den raude fargen kjem av oksidering (rust).
Øvre og vestre gruva
Vegger og tak i gruva er glatte, til dels bua. Det betyr at gruva er dreve med fyrsetting. Det vart tent opp store bål for å varme opp fjellet. Da vart det lettare å hakke laus steinflak. Det står att malmhaldig berg som forstøtning mot ras.
![]() |
Fjellgruva |
Her er det merke etter drift med krutsprengning. Det er merke etter to bortyper. Denne gruva har altså vore i fleire skilde periodar.
Nedre og austre gruva
Gruva har delvis rasa saman, men av storleiken på berghalden kan vi sjå at gruva må ha vore dreve ei tid.
Sakkerhus på øvre og austre tufta
Ved gruver var det gjerne sakkerhus der stigeren (gruvesjfen) hadde kontor og gjerne med materialrom. Arbeidarane heldt til her i pauser, og overnatta dersom gruva låg langt frå folk.
Smie på vestre tufta
Ved gruvene vart det brukt jern reidskap som kravde mykje arbeid med vedlikehald. Når det var drift med handboring og krutsprengning, måtte bora haldast skarpe. Det er derfor ofte tufter etter smier i tilknytning til gruver.
Skinnargruva
I Skinnargruva er det lett å sjå malmgangar og merke etter drift i veggene på skjeringa. Spor etter borehol er eit teikn på at bergbrytingsteknikken krutsprenging vart nytta. For å sprenge fjellet med krut måtte ein fyrst bore hol til krutladninga. Boring for hand var eit møysommeleg arbeid. Eit par arbeidarar klarte ofte å bore berre eit par hol om dagen.
Bormerke kan i visse tilfelle brukast til omtrenteleg datering. Handboring vart brukt frå slutten av 1600-talet fram til fyrste delen av 1900-talet. Utforminga av fjellbor har samanheng med materialane dei var laga av, fjellforhold og utvikling av boreteknikkar.
I dagskjeringa er det ei rekkje bormerke. Merka har skjær typiske for 1700-talet, men storleiken tilsvarar stålbor frå seint på 1800-talet. Det var ikkje orinær drift ved Verket etter 1812, men truleg føregjekk det noko prøvedrift her i 1907. Bormerka kan altså vera frå denne prøvedrifta, eller at Lesja jernverk har hatt ein lokal bortype før 1812 med mindre diameter enn bora som er kjent frå andre stader.
Du har en flott blogg. Med BloggerContest.com er du en kandidat til å vinne med ditt nettsted eller blogg, markedsføre nettsiden din, vinne premier og kampanjer. Med støtte fra våre sponsorer via vi organiserer vår blogkonkurranse for første gang i 2017. Du kan lære mer om deltakelse fra vår nettside. Du kan bli med, programmene pågår.
SvarSlettTakk for din interesse og støtte!
Web: http://www.bloggercontest.com
Mail: contact@bloggercontest.com
PBX: +390694802050