Aurmofuru

Aurmofuru er ei avart av vanleg furu som er svært lågvaksen, ofte som krypande stengel. Nålene er stutte og veden er spesielt feit. Skogen er tett og trollskogaktig. Aurmofurua er genetisk forskjellig frå vanleg furu. Avkommet får også unormal vekseform. Den veks på stader med minst fukt i bakken og særs dårleg jordmonn. Store variasjonar mellom dag- og nattetemperatur, kan også ha vore årsak til mutasjonar.

Aurmofurua er svært sjeldan og veks i Aurmoen og som einskilde tre opp til Bismo. Den blir også kalla Skjåkfuru. Lokalt nyttar mange namnet Prest om Aurmofurua. 

Aurmoen er ei elvevifte skapt av elva Aura, som har spylt masse frå Aurgjelet ut i hovuddalføret og Otta elv. Jorda i Aurmoen er grov og næringsfattig grus og stein. Som om ikkje det er nok, så har området den minste målte nedbør i landet med om lag 250 mm årleg.

Skogsbotn er eit tunt lag med reinlav og mose, iblanda daudt materiale frå skogen. I dag er Aurmoen bustadområde. 

Kjerneområdet for Aurmofurua er mellom Aura og Knutsens veg, og mellom Industrivegen og 20 kV kraftlina. Her rår Aurmofurua grunnen nesten aleine. Du finn Aurmofurua i alle slags former frå krypande busker til større tre.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren