Frost og forvitring på Tverrfjellet
Frost og forvitring i høgfjellet eller tidlegare brelandskap, vert kalla periglasial geomorfologi på fagspråk.
Frost og forvitring pregar
landskapet på Tverrfjellet i dag. Frysing og tining av bakken og fleirårig frossen
bakke eller permafrost, er typisk for landformer i området. Frost
varierar med klima, berggrunn, vegetasjon, overflatemateriale og permafrost.
Dette endrar sakte men sikkert landskapet. Permafrost finst dersom bakken har
ein temperatur som held seg på 0
°C eller lågare gjennom minst to år. Klima er den
viktigaste faktoren for permafrost. Deretter styrer lokale variasjonar
permafrosten. Permafrostgrensa ligg truleg mellom 1550 og 1630 meter over havet,
noko som kan indikerast basert på feltmålingar av temperatur ved bakken under
snødekket vinteren 2009.
Solifluksjon
Solifluksjon er både ein prosess og form. Dette er ein treig
massebevegelse som skjer ved ulike kombinasjonar av frost og tining, til dømes
når isen i jorda i ei skråning smeltar om våren slik at jorda blir ”for tung
for seg sjølv” og beveger seg nedover på grunn av tyngdekrafta. Bevegelsen kan
variere frå millimeter til fleire centimeter. Solifluksjon er utbredt i kalde
områder og formane kan kjennast igjen som tunger, lober, tepper eller terrasser
i morenedekka skråningar. Ved hjelp av flyfoto og 3D-kart har det vorte
registrert over 1000 lobar i området nord for Halvorshø og vestover mot
Skjellflye og Grjothø.
Nivasjon
Nivasjonsformer er som solifluksjon vanleg og pregar heile Tverrfjellsområdet.
Nivasjon kan definerast som erosjon av underlaget til ein snøflekk.
Nivasjonsområder får ein ljos karakter og oppstår der snøflekkar smeltar bort
utover sommaren eller der fleirårige snøflekkar har smelta heilt bort. Nivasjon
i lausmassar eroderar i underlaget og lager karakteristiske groper. I blokkmark
ser nivasjonsformer meir ut som benkar eller terrasser. Landskapet får ein
spesiell karakter med uregelmessige uthulinger i hellande terreng. Nivasjon
skjer ofte i kombinasjon med solifluksjon.
Pløyeblokk
I skråningar finn du ofte pløyeblokker. Det er stor stein som har pløgd
seg nedover skråningar i jordsmonnet, som resultat av frost og tining av
bakken. Bak pløyeblokka finn du ofte eit nedsenka spor, mens det kan danna seg
ein voll i framkant.
Strukturmark
og jordlappar
Strukturmark er overflater av stein eller grovare materiale som er
sortert i polygonar, sirklar, striper eller nettverk. Vi får strukturmark i
kalde miljø med frysing og tining av bakken.
![]() |
Jordlapp i Grjotådalen |
Jordlappar finn vi berre i flate blokkmarksområder rundt 1500 meter over havet og
høgare. Dette er små øyer av finmateriale mellom stor stein og blokk som har
blitt heva til overflata ved frostsortering.
Striper
Når sirklar og polygonar blir dratt ut i hellande terreng, dannar dei stripar
i overflata. Du finn dei ofte nedanfor snøflekkar der det er mykje tilgang på
smeltevatn gjennom sommarsesongen.
Jordsirklar
Du kan finne runde lappar utan vegetasjon på kanten av Tverrfjellsflya
mot dalen. Dei ligg ofte i klynger og
der vinden tek særleg godt. Dei kan være 1-2 meter i diameter med ei
relativt jamn overflate.
Steinbre
Steinbrear har høge og bratte frontar med grovt materiale av stein og
blokkar i overflata. Dei vert kalla steinbrear fordi dei liknar brear i form og
bevegelse. Ein steinbre kan utviklast frå ei steinur med høgt isinnhald som
byrjar å krype nedover skråninger. Steinbreen har grovt morenemateriale med
høgt isinnhald eller at den er ein tidlegare bre som har blitt dekka av
materiale frå ulike skredprosessar. Steinbrear treng høgt isinnhald for å
opretthaldast, og dermed er permafrost ein styrande faktor for at steinbrear
finst.
Kommentarer
Legg inn en kommentar