Gamle Strynefjellsvegen
Gamle Strynefjellsvegen går frå Grotli til Videsæter og er eit kulturminnehistorisk alternativ til Rv15.
Steinalderbusetnad, heillstugu og anleggssmie
Etter 3,5 km finn du restar etter steinalderbusetnad ute på odden, datert til 4000 år før Kristus. Bak haugen på andre sida av vegen ligg det to reinsgraver. Ved bekken som renn ned på andre sida av Heillstuguvatnet, ligg restane etter ei heillstugu. Slike steinbuer eller sælehus vart sett opp for farande folk i fjellet. Det er sagt at både Harald Hårfagre og Heilag Olav skal ha sove der. Om lag 50 meter lenger mot vest, i ein sving, går det opp ein stig til murane etter ei anleggssmie frå tida da vegen vart bygd. Ved osen i Heillstuguvatnet på andre sida av elva, finn du restar etter eit tysk bombefly som nødlanda i 1940.
Gravrøys
Etter 8,8 km er du på Vargevasskulane. På andre sida av bekken og bak ei hytte som du ser frå vegen, finn du restane etter ei gravrøys på eit berg.
Vassvendingsherberget
Etter 10,8 km er du på Vassvendingen. Her ser du ein bekk mot sør som kjem frå Raudeggbreen og delar seg, slik at noko vatn renn austover og noko vestover. Om lag 200 meter nedanfor vegen går den gamle kløvvegen. Du vil sjå ein stor stein med ein mørk varde oppå. Under denne steinen finn du restar etter vassvendingsherberget, ei steinbu som har vore brukt av folk som har ferda over fjellet og av reinsjegarar.
Etter 12,2 km kjem du til vegens høgaste punkt 1139 moh.
Kongsvarden
Etter 14,9 km står Kongsvarden som skal vera bygd av Harald Hårfagre og mennene hans. Kongsvardhytta eller telegrafhytta kom opp i 1918 da dei laga telefonsamband over fjellet. Dette var enormt viktig for sambandet i 1940, då sambandet gjennom Ottadalen vart øydelagt av tyskarane.
Bjørnsonsvingen
Etter 21,2 km er Bjørnsonsvingen. Her lyfta Bjørnstjerne Bjørnson Karoline opp på ein stein så ho skulle få betre utsikt. Steinen har fått namnet etter henne.
Jølbrua
Når du har svinga deg nedover dalenden kjem du snart ned på heilårsvegen. Etter 3,0 km frå krysset, kjem du til Jølbrua. Dette er ein steinkvelvbru frå 1883. Det er 60 meter på det høgaste ned til elva.
Om vegen
"I dag så jeg høyfjell med bre i brynet, i gråkold klarhet og frøs ved synet" (Bjørnstjerne Bjørnson ved synet av Strynefjellet i 1896)
Grusvegen var lenge det einaste sambandet mellom aust og vest, og Statens Vegvesen har gjenreist stabbesteinsrekkjer slik at turistane fortsatt skal få følelsen av å køyre på gamal ferdaveg.
Gamle Strynefjellsvegen er stengd om vinteren, men sommarstid kan vegen veljast som alternativ rute dei 27 kilometerane mellom Grotli og Videseterkrysset. Langs turistvegen ligg også Stryn Sommarskisenter. På informasjonstavler ved Grotli Høyfjellshotell og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter blir det gjeven generell informasjon om landskapet, geologien og naturen.
Frå gammalt av var det fleire ferdselsårer mellom Skjåk og Stryn som vart brukt til kløve- og ridevegar. Bøndene på begge sider av fjellet hadde plikt til å holde desse farandes.
Hovudferdsla mellom aust og vest gjekk tidlegare om Sundalen og Raudalen. I 1881 vart det vedteke å byggje veg over Strynefjellet frå Hjelle til Grotli. I 1894 kunne dei fyrste reisande ta seg over fjellet med bil. På den tida vart Gamle Strynefjellsveg sett på som eit meisterverk innan vegbygging. I dag er det først og fremst dei flotte murane vi legg merke til - ved Langvatnet, Tystigen og Videseter og ikkje minst på den kjende gamle Jøl bru.
Svenske rallarar og bygdefolk frå begge sidene av fjellet var med på anleggsarbeidet. Det var eit beinhardt arbeid med dårleg mat- og husstell. Heilt fram til på 50-talet vart Strynefjellsvegen delvis måka med spade om våren. Ei strekning på rundt fem mil vart først påkasta grus og sand for at sola skulle få best mogleg tak og smelte snøen. Etterpå gjekk 200 mann på med spade. Snøen vart kasta frå mann til mann og teken att fleire gonger.
Midt inne på fjellet kunne snøkantane bli fleire meter høge. Den fyrste snøfresaren kom til Strynefjellet i 1940-åra. I 1969 starta arbeidet med heilårsvegen over Strynefjellet. Vegen - som har tre tunnelar på til saman 12 km - var ferdig i 1978.

Kommentarer
Legg inn en kommentar