Handspiken

Den eldste og beste ferdslevegen mellom Jostedalen og Ottadalen går over Handspiken. Her har det frå gamal tid vore kløvveg og drifteveg. På austsida går ferdslevegen frå Sotaseter ved Liavatn, over skaret i Handspiken til Fåbergstølen.

Jernbane- og vegplanar
Ved fleire høve har det vore aktuelt å nytte denne lina til moderne ferdsle. På 1920-talet vart det arbeidd for at stamjernbanen mellom Bergen og Trondheim skulle gå etter lina Flåm-Sogndal-Jostedal-Handspiken-Skjåk.
Seinare har Jostedølane arbeidd aktivt for å få bygt veg over Handspiken.  Sist i samband med den store kraftutbygginga i Jostedalsvassdraget på 1970- og 1980-talet.

Fossbergom-Fåbergstølen
Startar vi ved Fossbergom i Lom ved Moar kyrkje, som Lom kyrkje er kalla i middelalderbreva, så gjekk vegen vestover på sørsida av dalen der riksvegen går i dag. 15 km vestover kjem ein til Vollungsbru i Skjåk, som var nemnt i veigabota frå år 1400. I dag står det ei dobbel steinkvelvbru frå 1912 der brua stod i middelalderen. Brua før 1912 var ei dobbelt utleggsbru. Det var truleg same brutype som vart brukt i mellomalderen.

Vegen fortsette vidare gjennom Bismoen der kommunesenteret ligg i dag. Den gongen var det ein aude furumo her. Vest for Bismo gjekk leia over Skamsarbru eller Bruheimsbru og vidare vestover Nordberg på sørsida av dalen.

Lindsheim var den siste garden mot vest i mellomalderen og seinare ein viktig marknadsplass. Vegen fortsette forbi Lindsheim og Dønfoss på sørsida av dalen og inn på Tundramoen. I munningen av Tundradalen var det bru over Tundri i gjelet nedanfor garden Nedre Brumillom. Vegen gjekk ei kort strekning på vestsida av Tundri, før dei måtte krysse Ostri på ei bru.

Ferdselsvegen opp frå Sota til Randsverk
Vegen følgde nordsida av Ostradalen innover og forbi Brekkom seterstul i Bråtå. Frå Bråtå tok vegen opp forbi Kollungssetra og over Kollungshaugane til Randsverk og Sota seter. Frå Sota gjekk vegen om Mysubytta, innover Syrtbyttdalen, over Handspiken og ned til Fåbergstølen i  Jostedalen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren