Kamperhamrane
![]() |
Turfylje opp frå Leirdalen mot Kamperhamrane |
I Sverresagaen blir det fortalt at baglarbispen Nikolas Arnesson i 1197 sende ein flokk baglarar over Kamperhamrane til Nordfjord, der dei drap kong Sverre sin sysselmann.
Sjømannssletta
På Sjømannssletta ved Framrustsetra, kan ein enno sjå tufter etter hus som vart nytta av folk som kom vestfrå til hestemarknaden på Lindsheim i Nordberg i Skjåk.
Den vesle istida
I den vesle istida på 1700-talet voks Sikilsbreen så mykje, at ferdsla måtte gå over bretungene ved ytste Leirvatnet. Framleis kan ein sjå merke etter ein sti langt oppe i fjellsida. Den gjekk truleg langs kanten av den velvaksne breen i desse kuldeåra. Det gamle sambandet over Strynefjellet viser seg også att i slektene på begge sider, ved at ungdomen fann seg ektemake på andre sida av fjellet.
Fossbergom-Hjelle
Startar vi ved Fossbergom i Lom ved Moar kyrkje, som Lom kyrkje er kalla i middelalderbreva, så gjekk vegen vestover på sørsida av dalen der riksvegen går i dag. 15 km vestover kjem ein til Vollungsbru i Skjåk, som var nemnt i veigabota frå år 1400. I dag står det ei dobbel steinkvelvbru frå 1912 der brua stod i middelalderen. Brua før 1912 var ei dobbelt utleggsbru. Det var truleg same brutype som vart brukt i mellomalderen.
Vegen fortsette vidare gjennom Bismoen der kommunesenteret ligg i dag. Den gongen var det ein aude furumo her. Vest for Bismo gjekk leia over Skamsarbru eller Bruheimsbru og vidare vestover Nordberg på sørsida av dalen.
Lindsheim var den siste garden mot vest i mellomalderen og seinare ein viktig marknadsplass. Vegen fortsette forbi Lindsheim og Dønfoss på sørsida av dalen og inn på Tundramoen. I munningen av Tundradalen var det bru over Tundri i gjelet nedanfor garden Nedre Brumillom. Vegen gjekk ei kort strekning på vestsida av Tundri, før dei måtte krysse Ostri på ei bru.
Vegen følgde nordsida av Ostradalen innover og forbi Brekkom seterstul i Bråtå. Vest for seterstulen tok vegen opp på Bastbuåsen, som heiter Bråtååsen i dag, og ned i Framrustdalen til Framrustsetra.
Frå Framrustsetra gjekk det 2 leier vestover til Stryn. Den eine gjekk over Sjømannslsetta, over Raudbergshalsen og ned i Rauddalen. Vidare vestover gjekk leia langs Rauddalsvatnet, over Kamperhamrane og ned i Sunndalen til Folven og Hjelle i Stryn.
Kommentarer
Legg inn en kommentar