Langvasseggi
Langvasseggi er eit fjellområde mellom riksveg 15 i Breiddalen på nordsida, og gamle Strynefjellsveg i Mårådalen på sørsida. Lengvasseggi er ein del av Breheimen nasjonalpark, og grensar mot Strynefjellet landskapsvernområde i Mårådalen. Landskapet mot aust er rundare i forma og brattare og villare mot vest. Dei høgaste områda har mykje blokkmark og steinflyer utan særleg vegetasjon. Langvasseggi er frå 900-1651 moh.
Langvasseggi er lett tilgjengelig frå alle kantar, både frå Grotli, Mårådalen og frå Nørdre Lægervatnet til Oppljostjønn og Istjønn. Langvasseggi er eit fint turområde både sommar og vinter.
Området ligg i det nordvestlandske grunnfjellsområdet. Berggrunnen er næringsfattig gneis. Derfor er også triviell og fattig vegetasjon.
Du vil finne fattige heier med blåbær, blålyng, krekling og noko dvergbjørk og skrubbær.
I lågare heiområder er det også noko blokkebær, dvergbjørk, einer, lappvier og sølvvier.
Der snøen ligg lenge, veks det mykje av dvergtreet musøre, dverggråurt og moselyng.
Langs fuktsiga er det mykje av vanlege artar som bleikmyrklegg, stjernesildre, svarttopp og tepperot.
Nokre stader veks også fjelltistel, snøull og torvull, og mindre engsamfunn med finnskjegg, fjelljamne, fjellmarikåpe, fjellsveve, fjelltimotei, fjellveronika, fjelløyentrøst, harerug, gulaks, musøre, perlevintergrønn, setergråurt og skogstjerne.
På blokkmark i den vestlege delen mot fylkesgrensa dominerar blålyng, fjellburkne, fjellveronika, hestespreng og moselyng.
I dei meir frodige rasmarkene veks bjønnskjegg, blåklokke, engsyre, finnskjegg, fjelltimotei, fjellveronika, fjelløyentrøst, geitrams, gulaks, harerug, myrfiol, musøre, perlevintergrønn, rosenrot, skogstorkenebb, stivstarr, svarttopp, sølvvier og trefingerurt.
![]() |
Frå Istjønn og mot Langvatnet og Oppljosegga |

Kommentarer
Legg inn en kommentar