Lauving

Du finn bjørkehagar med styvingar ovanfor gardane i Bruheimsgrende i Skjåk, og eit område ved Skjåkmorkje som tilhøyrer Nystugu. I trædet ved Skjåkmorkje har det vore lauva både bjørk og gråor. På Nørdre Hyrve finn du både lauvhogne bjørk og barhogne furu.

Viss du går GamalHansvegen eller stigen mot Skeidsholet vil du finne mange styvingar oppover lia.

Fôr
I gamal tid ble det meste av vinterfôret henta i utmarka, og vinterfôret var lauv. Alt før vikingtida laga nordmenn reidskap til å lauva med.
Lauv og kvist var ein svært viktig del av fôret, og kunne utgjere opp mot halvdelen av vinterfôret. Men lauvving var også ein vanleg måte å drøye vinterfôret på. Lauvingsteigane var mange og sankinga kunne vere så omfattande at det var vanskeleg å finne nok teigar. I Skjåk var bjørk mest nytta.

Styvingar og lauving
Dei karakterisitiske styvingstrea var bjørk som ble snauhogne, eller styvde, 2-3 meter over bakken. Treet ble ei styving. Istaden for å gro ut ny stamme og tjukke greiner, veks det ut mange smågreiner. Desse ble hausta med ein lauvkniv. Lauvkniven var laga for at den skulle kunne økse og dra av greiner ved å legge tyngde på skaftet. Den var smidd med ein innoverbøgd egg.

Haustinga
Haustinga var om våren når saft og sevje var på topp. Greinene ble kutta ned og lagt på staden eller lagt fram til sauene. Dei kappa av greinene og lagde buntar som så ut som kornband. Fôret var verdfullt spesielt for drektige dyr.
Det var om å gjere å lauva slik at det voks fram att mest mugleg nye skot på kortast tid. Med like store arbeidsmengder gjev både bjørk og gråor mykje meir lauv enn ospa. Folk heldt ospelauvet for å vera sers rikt på næringsemne, og rekna ospa til godskogen. Men det var lite osp i Skjåk.

For skogen fekk dette mykje å seia. Lauvvinga lagde rydningar og opningar i skogen som voks til med eng. Utmarksslåtten kan ha vakse fram som resultat av denne lauvinga. Med tida ble grasfôret viktigast.

Styvinger er ofte rart forma og får personlegheit etter mange år. Lauva tre er no eit viktig livsmiljø for ulike soppar og lav samt for insekt. Og rudningane er ljose områder som gjev grobotn for planter.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren