Naturbeitemark

Beiteområda mellom Skei og Harsheim er merka av som ein lokalitet med naturbeitemark i Direktoratet for naturforvaltning si Naturbase.

Naturbeitemark på Nurdigard Skamsar
Ovanfor Skamsar ligg eit beitemarksområde med gamle åkrar og slåttemark. Her finn du også stor bjørk som ble nytta til lauvving. Området har mykje bjørk, einer, og ein karakteristisk tørrengvegetasjon.  Her er det mange kulturspor som steinrøyser, murar, vatningsveiter og gamle åkerlappar. Det er både open beitemark og beiteskog. Naturbeitemarka har biologisk mangfald med raudlisteartar.

Viss du går GamalHansvegen, passerer du området på oversida når du kjem opp til ein sving på ein ny skogsveg som går forbi Harsheimlia. Før i tida starta GamalHansvegen frå Skamsar. Den gjekk da over naturbeitemarka.  Området ligg mellom Fjuken og Skargrove.

På den botaniske registreringa i 1993, ble det funnet desse plantene på Nurdigard Skamsar:

BakkemynteBitterbergknappBlåklokkeDunkjempeEngknoppurtEngsmelleHårsveveFuglevikkeFøllblomGjeldkarveGulmaureKjertelaugnetrøstKvitkløverKvitmaureLøvetannLintorskemunnMarkjordbærPrestekrageRyllikRaudkløver, SetermjeltStemorsblom og Tiriltunge

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren