Saltbitterjord på Ramstadstrond

På Ramstadstrond og i solsida vestover til Bismo i Skjåk finn ein saltbitterjord. Dette er ei svært sjeldan jordtype i Norge. Saltbitterjord blir danna når fordampinga er større enn nedbøren. Når dette skjer vil kapillærvatn føre salt og andre næringsstoff opp til jordoverflata. Gjennomsnittleg nedbør på Øygard på Ramstadstrond i Skjåk er 278 mm i året.

Det er berre spesialiserte plantar som kan livnære seg på saltbitterjord. I dei varme, tørre og sørvendte liene i Ottadalen er det vanleg med tørre enger med steppepreg.  Dei gror att utan beite, rydding eller slått, og vi får ein mosaikk med kratt av låg einer. Vi finn også spreidde furu- og bjørketre og flekkar med open eng.
Spreidde plantar av gulmaure og sauesvingel er vanleg.  Andre typiske plantar er rundbelg og bitter bergknapp.

Veg og parkering
Køyr Rv15 austover 6,7 km frå Bismo og ta til venstre mot Marlo. Etter 0,9 km køyrer du Fv483 til høgre mot Ramstadstrond. Parker langs vegen ein stad det er lett å komme oppover i lia.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren