Steinbreane i Grjotådalen

Steinbreformene i Grjotådalen er spesielle. Spesielle fordi dei er så forskjellige. Det er karakteristisk for slike former at vi finn dei  høgt over havet i eit permafrostområde og under bratte fjellskråninger der steinsprang er vanleg.

Steinbreane er ofte forma som ei tunge. Overflata har både forsenkinger og ryggar orientert
parallelt eller på tvers i høve til krypretninga.  Dei har ein steil front.

Steinbrear blir ofte danna i rasvifter under bratte fjellsider. Ein steinbre er ein masse av steinblokkar, mindre stein og korn der holromma er fylt med is. Isen gjer at dei siger nedover som ein vanleg bre, men med låg fart på nokre centimeter i året. Du finn dei ofte der det er rasmateriale i permafrostområder, som i Grjotådalen under Hestdalshøgda.

Steinbrear treng høgt isinnhald for å opretthaldast, og dermed er permafrost ein styrande faktor for at steinbrear finst. På Tverrfjellet ligg grensa for permafrost på mellom 1550 og 1630 meter over havet. Grjotådalen under Hestdalshøgda ligg over 1500 meter over havet.

Det er to typar steinbrear: steinbre med is i holromma og iskjernemorene som er breis med mykje stein. Du finn begge steinbreformene i Grjotådalen.

Iskjernemorene
Den eine ligg i det store morenekomplekset i botn nord for Hestdalshøgda med Grjotåbreen. Dette er ei iskjernemorene, med flutings ovanfor.  Steinbreen strekker seg 900 meter nedover skråninga. Steinbreforma inneheld berre skredmateriale frå fjellveggen i bakkant. Det er skarpkanta blokkar som ikkje viser teikn til kantrunding. Skredmateriale har truleg blitt avsett av steinsprang og akkumulert på breen. Med tida har dette materialet blitt transportert og har samla seg til ein høg morenerygg. I senkinga i bakkant av steinbreen ligg det nokre små vatn.

Steinbre
Steinbreen ligg under ein fjellvegg og framfor ein fleirårig isflekk aust i Grjotådalen. Dette er ein liten steinbre på 60-100 meter. Den har ei tungeform som siger nedover det hellande forlandet under fjellveggen. I fronten har steinbreen ei tydeleg skjærsone  med mykje 
finmateriale. Smelting frå snø og is i bakkant er truleg kjelda som tilfører is til steinbreen. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren