Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset

TGL-komplekset strekker seg frå Sota i Breheimen i sør over Rauddalsdammen til Grotli i Breiddalen. Her delar TGL-komplekset seg i ei grein mot nord over Viksvatnet og til Tafjord og ei grein mot nordaust over Storebreen til Lesjaskog.

TGL-komplekset er ei samling av svært ulike bergartar:

  1. Dei omhandla sedimentære bergartane
  2. Dei omhandla storkningsbergartane
  3. Raudberga
Omvandla sedimentære bergartar
Glimmerskifrane er typisk for dei omdanna sedimentære bergartane. Du finn dei veksling med glimmergneis. Glimmerskifrane et blålige og skifrige bergartar. Du kan sjå at dei har mykje svart glimmer, noko kvit glimmer, kvarts og litt feltspat, som i vegskjeringa i Glåmbakken vest for Nysetra. Ofte har dei også i seg granat, som i granatglimmerskiferen på Sotskarvet.

Leire ble avsett på havbotn for 1700 millionar år sidan, og seinare trykt samen og omdanna til glimmerskifer.

Sandstein av kvarts og feltspat ble også avsett, og ble omdanna til kvartsitt med mykje feltspat. Kvartsen er hardare enn andre bergartar, og du finn den i knollar og skrentar inntil glimmerskifrane frå Vuluegga til Dørtjønnene, ved Glittervatnet, Grotli og Sotflye. 

Nokon stader ble det avsett tynne kalkrike slamlag. Dei har blitt til ljosgrøn kalksilikatgneis. Dei inneheld amfibol, diopsid og epidot. Du finn kalksilikatgneis ved Tuva i Bråtå, Tordalen og ved Stuttgongen på Nysetra.

Reine kalksteinar er sjeldne i gneisen. I Vuludalen kan du sjå eit tynt marmorlag på tvers av dalen. På Sotflye er det eit 2-meter tjukt marmorlag som er noko forvitra til brun sand og jord. Like ved elvebredda sør for Huguvardtjønn finn du eit gulbrunt marmorlag på 15 meter. Her finn du også kalkkrevjande blomar som lapprose, reinrose og raudsildre.

Omvandla storkningsbergartar
Omdanna lava finn du i nokre få meter tjukke lag eller som avlange linser i gneis og glimmerskifer.

Mørk amfibolitt nedanfor toppen på Krosshø
Mørk amfibolitt finn du nedanfor Breiddalsdemninga ved Grotli, nordvest for Høggjøymen, ved Huguvardtjønn og på Sotflye. Det er mykje amfibolitt på Torsegga, Veltdalen og Karitind.

Eklogitt finn du ved Rauddalsdammen, aust og nord for Breiddalsvatnet ved Grotli, Hamsedalen, ved Storvatnet og ved Spongvatnet.

Anorthositt finn du i ei vegskjering mellom Nysetra og Grotli, mellom Viksvatnet og Grotli og mellom Huguvardtjønn og Sotaområdet. Du kan finne anorthositt som ljose steinar i kvit farge med ljost rosa eller grønt skjær.

Raudberga
Veslefjell ovafor Nysetra
Raudberga er bygd opp av bergarten peridotitt. Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata, men i Skjåk er det mange av dei. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget, mens vatn har grave seg godt ned i berget.

Raudbergene stikk opp av grunnfjellet mange stader i Skjåk i det som blir kalla TGL-komplekset eller Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset. Du ser dei som knausar i nyansar av gult og rustraudt.
Vi har raudberg nordover Spongflye, på Krosshø, veslefjellet ved Nysetra, Raudberget på begge sider av Rauddalsdammen og på Sotflye i Skjåk. Raudberget ved Rauddalsdammen er ein større kropp av peridotitt med delvis omdanna grøne olivinkrystallar på opptil 3 cm.

Farge
Det er bergarten serpentinitt som gjev farga. Den består av minerala serpentin og olivin i noko varierande blanding. Når innhaldet av serpentin går ned og olivin blir det dominerande mineral i bergarten, er det rett å kalle bergarten olivinstein. Overflatefarga er ofte meir gul for olivinstein og meir raud for serpentinrike typar. Rein olivinstein er førebels ikkje funnet. Vi finn også meir grøne lag av peridotitt.

Forvitring
Serpentinitt og olivinstein har eit tynt oksidasjonslag på omlag 1cm yttarst som er svært ulikt den finkorna og mørke friske bergarten. Raudberga er så næringsfattige at det blir liten eller ingen vegetasjon på jordsmonnet som blir danna ved forvitring. Viktige næringsstoff som til dømes kalsium, kalium og fosfor manglar heilt i raudberga. Rauberga er nakne, raude og ofte sterkt oppsprukne i blokkar.

Danning
Olivin er ein av hovuddelane i mantelen. Mantelen ligg 2800 km under jordoverflata. Attende i urtida ble olivinbergartar pressa opp til jordoverflata som magma, for seinare å bli trykt ned  til 70 km dybde. Her ble dei omdanna under høge trykk- og  temperaturar. Under fjellkjedefoldinga i kaledonsk tid, er raudberga pressa opp til overflata. Det er uvanleg, sjølv i global målestokk, å sjå dei djupaste delane av havbotnskorpa så godt eksponert som i Raudberga.

Olivin
Industristein
Norge har noen av verdens største olivinforekomster mellom anna i Åheim i Sogn og i Tafjord. Du kan også sjå dei på stader med vulkansk aktivitet, som på Lanzarote.
I industrien nyttar dei olivin som namn på bergarten. Magnesium, silisium og jern er det viktigaste innhaldet pH  ligg  i storleik på omlag 9 og eigenvekta på omlag 3,3 kg/dm³.

Olivin er altså ein tung og hard bergart, men  forvitrar også ofte lett på grunn av  kjemisk nedbryting.  Jordsmonnet  har  eit  høgt  innhald  av  krom,  kobolt,  jern, magnesium  og  nikkel,  og  sporelementer  av   arsenikk,  bly,  kobbar,  sink  og  titan. Olivin er ikkje giftig, sjølv om lista over innhald kan skremme oss.

Mineral og bergartar
Ved metamorfose kan olivin reagere med vatn og luft og danne mineral som serpentin og talk og bergarten serpentinitt. Elles inneheld rauberg magnesitt, tremolitt, kloritt, kromitt. Og ørsmå mengder av platina og palladium. Den reine krystallen av olivin blir kalla peridot. Det er ein halvedelsten. Nokre av verdas største og vakraste peridotar kjem frå Åheim på Sunnmøre. Peridot var den mest populære smykkestein i barokktida og skulle bringe lykke til eigaren. Peridot er fødselssteinen for dei som er fødd i august og står for namngjeten, styrke og energi.

Kleberstein på Sotflye med start for uthogging av grytestein
Grytestein
Nokre stader i raudberga som på Raudhaugen på Sotflya finn vi linser av kleberstein og talk. Her kan du sjå at folk i eldre tider har skore ut emne til gryter av kleber. Det er også teke ut kleber i det vesle raudberget nedanfor Breiddalsdammen ved Grotli.

Talk er eit mineral som er grønkvitt og i flak med ein såpeaktig overflate og ein perleaktig glans.
Kleberstein er ein bergart som inneheldt mykje av talk og med noko kloritt og amfibol. Kleberstein er ein mjuk bergart som du kan skjære med kniv. Ein anna viktig eigenskap ved kleberstein er at den står godt imot varme, og den egner seg godt til bruk i peis og omnar. Kleberstein har hatt mange namn. Eit vanleg namn som ikkje blir brukt lenger, er grjótstein. Ordet grjótstein er samansett av det gamalnorske ordet grjót og ordet stein. Ordet gryte er avleda av grjót, fordi kleberstein ofte var materialet i kokekar i vikingtida.

Andre mineral
Kloritt er ei gruppe mineral som i likskap med glimmer lar seg spalte opp i tynne flak. Spalteflaka er fleksible, men ikkje så elastiske som i glimmer. Farga er som regel grøn.
Amfibol er ei gruppe mineral som er med å dannar bergartar. Mineralet likner litt på pyroksen, men skiljer seg frå desse med forskjellige spalteretningar.

Periodotitt
Peridotitt er ein bergart med svært høgt innhald av olivin. Andre vanlege hovudmineral er pyroksen og hornblende. Dunitt er ein type peridotitt.

Pyroksen er eit mineral, og dei to vanlegaste pyroksen heiter diopsid og enstatitt. Pyroksen har eit spalteplan som står vinkelrett på kvarandre. Pyroksen er etter feltspat truleg det vanligaste mineralet i jordskorpa
.
Hornblende dannar plateforma krystallar. Mineralet har glasglans og du kan ikkje sjå gjennom det. Farga er grønsvart eller svart. 

Serpentin er ei gruppe på tre mineral: antigoritt, krysotil og lizarditt. Du kan finne for det meste antigoritt. Vi kan også finne asbest og kromitt saman med serpentin i raudberga.

Krysotil eller fiberserpentin er ein trevla, silkeaktig og gyllen variant av serpentin. Dette er "kvitasbest".

Kammereritt er ein kromhaldig variant av mineralet klinoklor. Det har ein fiolettgrå farge. Du kan finne kammereritt på Raudberget i Rauddalen i Skjåk.

Liste over mineral funne ved Øvre Otta-utbygginga 2003-07
Torgeir T. Garmo 6.oktober 2010

Dette er ein førebels liste over dei mineral som er funne i bergartane og paragenesene som tunellane på Øvre Otta-anlegget er sprengt gjennom.

I skarnlinse ved Rauddalsvatnet: Funn i eit par lause steinar litt inn for demninga.

Mineral
I skarnlinse ved Rauddalsvatnet
Utbreiing
Aktionitt
Skarpe xls i masser
Vanleg
Diopsid
Grovkrystallinsk grunnmasse
Bergartsdannande
Feltspat
Xls i naturleg utsyra druser

Skapolitt
Xls i naturleg utsyra druser


I glimmerskifer i Raudalen: Innvokste krystallar i bergarten.

Mineral
I kaledonsk glimmerskifer i Rauddalen
Utbreiing
Andalusitt
Xls i kyanittskifer
Sjeldan
Apatitt
Xls i kyanittskifer
Vanleg
Cordieritt
Xls i kyanittskifer
Sjeldan
Dravitt
Xls i granatglimmerskifer
Svært sjeldan
Flogopitt
I kyanittskifer
Bergartsdannande
Fuchsitt
Flak i kyanittskifer
Bergartsdannande
Granat
Avrunda og xls
Bergartsdannande
Kyanitt
Krystallinsk og xls i skifer
Bergartsdannande
Kvarts
Massiv og kvit
Bergartsdannande

I granatamfibolitter i den ytre omvandlingssona i Rauddalen: Bergarten er grovkrystallinsk med amfibolar, granat og feltspat. I gjennomgåande kvartsgangar finst druser med kalsitt.

Mineral
I granatamfibolitt i ytre omdanningssone i Rauddalen
Utbreiing
Amfibol
I finkrystallinske masser
Bergartsdannande
Apatitt
Gule korn og i masser
Bergartsdannande
Feltspat
Korn og masser
Bergartsdannande
Granat
Striper i b. s. og sjeldan som skarpe xls
Bergartsdannande
Kalsitt
I massive gangar og som skarpe xls i druser

Kloritt
Rad. masser og "krystallormar"

Kvarts
I masser og små scepter og spir i druser

Pyritt
Finkorna i masser og flotte mikroxls i druser

Pyrrhotitt
I masser og skarpe xls i druser

Rutil
I masser og i fleire cm avrunda krystallar

Titanitt
Grove krystallar i masser og som mikroplate xls


I dunitt og omvandlingssona rundt: Alle stadium av omvandling frå rein peridotitt til serpentinittar. I omvandlingssona finst kleberstein, sagvanditt, hornblenditt og klorittskifrar.

Mineral
I dunitt og i omdanningssona rundt
Aktinolitt
Fine grove xls 10 cm i talksona
Antigoritt
Grøn masse i serpentinitten
Azuritt
Blått belegg på Covellin i Tremolitt
Brucitt
Små tynne plater i magnesitt-druse
Chrysotil
Del av stråleforma serpentinitt
Covellin
Tynne lister i Tremolitt
Enstatitt
Tynne bleike nåler i dunitt og grove krystallinske masser
Flogopitt
Glimmerflak i Serpentinitt
Goethitt
Omvandling etter jernrike mineral
Hornblende
Svarte skarpe strengete xls i klorittskifrar
Kammereritt
Sterkt lilla i masser og som krystallar
Kloritt
Hovudmineral i klorittskifrar
Kromitt
Mindre korn i magnetitt-masser
Lizarditt
Gule parti i Serpentinitt
Magnesitt
I masser og gangar i talk og serpentinitt
Magnetitt
Krystallar i klorittskifer
Olivin
Uklår og omvandla og som "peridot" i avrunda xls
Pyritt
Komplekse xls i magnesitt
Tremolitt
Hovudmineral i bergarten. Ofte krystallinsk

I rodingitt: Rodingitt er ein form for skarn som er danna inne i ein peridotitt. Største funn i Norge. To av tunellane gjennom Raudberget har kryssa gjennom rodingitten. Du finner den på tippen ved Framruste på to stader, og på tippen i Raudalen. Hovudmineral i bergarten er finkorna granat (hessonitt), epidot, diopsid og klinoklor. I kryssande kalsittgangar og noko sjeldan i druser, finn du desse mineral i gode krystallar.


Mineral
I rodingitt frå tunellmasse gjennom Raudberget
Andraditt
Mørk granat i gode xls opp til 6 mm
Apatitt
Gule korn i klorittsona kring rodingitten
Aragonitt
Kvite trådar i epidot-druse
Diopsid
Bleikgrøne uskarpe xls vanlege saman med Titanitt 5 cm
Epidot
Facettklare ørsmå xls og som store grove xls
Grossular
Hovudmineral i bergarten med cm-store og uskarpe xls i kalsitt
Kalsitt
Cm-tynne gangar og som sjeldan som masse og xls
Klinoklor
Skarpt grøne glimmeraktig xls 1,5 cm og i korna masser
Magnetitt
Korn og masser opptil 5 cm
Koppar
Små tre opptil 0,3 cm i magnetitt og titanitt i klorittsona
Thaumasitt
Små trådar, tynne kvite nåler og masser i druser og kalsitt
Titanitt
Bleikrosa klare krystallinske masser og xls opptil 5x7 cm
Vesuvian
Mørkebrune og ofte krystallinske masser

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Brukseieren

Oldemor 104 år