Turrgjelet

Isen smeltar

I siste istid låg det ei iskappe på 2000 meter over Skjåk. Skjåk smelta fram for om lag 10.000 år sia. Fyrst rann vatnet mot vest. Seinare når breane smelta ned til ei høgde under passa mot vest som til dømes Handspiken, rann vatnet mot aust. Det danna seg bresjøar bak brear som låg att i Breiddalen, Mårådalen, Torsdalen, Billingsdalen, Rauddalen, Ostridalen, Tundradalen og Lundadalen. Elvene og breane forma dalane og la tidvis opp grus, sand og kvabb i delta eller grus og stein i morenar, ettersom breane trekte seg attende.

Spylerenne

Spylerenner blir skapt når vatn renn på overflata av ein isbre. Elva trenger ikkje ned i breen fordi overflata har minusgrader, og elva vil gå ut mot fjellsida fordi breoverflata er konkav. Der graver elva seg inn i fjellsida mellom isbreen og fjellet.

Turrgjelet og Tuvgjelet

Turrgjelet er truleg danna under isavsmeltinga ved. Smeltevatnet har i lengre tid rent på sida av breen på austsida av dalen, og skåre seg ned i berget der stigen går frå flatt lende og i stigning opp mot Kollungssetra.
Tuvgjelet der Ostri renn i dag, var på den tida stengt av isbreen. Når også denne isproppen smelta bort, tok vatnet den naturlege leia der den renn i dag.
I siste istid låg det ei iskappe på 2000 meter over Skjåk. Skjåk smelta fram for om lag 10.000 år sia. Fyrst rann vatnet mot vest. Seinare når breane smelta ned til ei høgde under passa mot vest som til dømes Handspiken, rann vatnet mot aust. Det danna seg bresjøar bak brear som låg att i Breiddalen, Mårådalen, Torsdalen, Billingsdalen, Rauddalen, Ostridalen, Tundradalen og Lundadalen. Elvene og breane forma dalane og la tidvis opp grus, sand og kvabb i delta eller grus og stein i morenar, ettersom breane trekte seg attende.

Spylerenne

Spylerenner blir skapt når vatn renn på overflata av ein isbre. Elva trenger ikkje ned i breen fordi overflata har minusgrader, og elva vil gå ut mot fjellsida fordi breoverflata er konkav. Der graver elva seg inn i fjellsida mellom isbreen og fjellet.

Turrgjelet og Tuvgjelet

Turrgjelet er truleg danna under isavsmeltinga ved. Smeltevatnet har i lengre tid rent på sida av breen på austsida av dalen, og skåre seg ned i berget der stigen går frå flatt lende og i stigning opp mot Kollungssetra.

Tuvgjelet med Ostri |
Kommentarer
Legg inn en kommentar