Vatnet kulturstig

Vatningsanlegg på Sygard Forberg
Kulturstigen startar ved hytta på Vikhø. Køyr Fv 485 mot Jøingsli 1 km vest for Bismo, og Aursjovegen til høgre etter nye 4 km. Køyr 8,7 km til du ser Aursjoen og parker.

Dette er ein kulturstig som gir deg ein flott fottur medan du lærer korleis folk har streva for å få vatn på åkrane i tidlegare tider. Skjåk har eit lunt og godt klima med høge temperaturar om sommaren. Bygda ligg i regnskyggen bak dei høge fjella mot vest, og har difor om lag like stor årsnedbør som Sahara. ”Vil Vårherre gje’ oss sol, ska’ oss sjølve skaffe væte”, sa dei gamle Skjåkværane og bygde desse sinnrike vatningsanlegga som du skal få sjå litt av på denne turen. Turen vil syne deg annan bruk av vatnet.

Postane
Vassveit
Vassveit ved Flåtåtjønn
Du følgjer no ein gamal vassveg som ikkje er i bruk. Denne vassvegen er graven med handmakt for omtrent 150 år sidan. Terrenget og grunnen varierer.

Enkelte stader var det fin sandjord som var lett å grave i, andre stader meir steinrikt, ofte med storstein som kravde mange tunge tak. På eit par stader er det fjell der veita går. Slike stader prøvde dei å leggje veita utanom. Gjekk ikkje dette, brukte dei den gamle metoden med å brenne for å få berggrunnen varm. Så slo dei på kaldt vatn så fjellet eller steinen sprakk sund.

Stigen følgjer no vassvegen fram til kjelda, der skal du få vite meir om dette vatnet og strevet med å prøve å få fram vatnet til bygda.

Husomtjønn
Du står no ved Husomtjønn. Eirik Husom (1817–1892), brukar av husmannsplassen Kittilstadhusom under garden Nordistu’n Kittilstad, hadde ikkje fjellvatn til å vatne åkeren med. Han grov derfor vassveit frå denne tjønna, framover fjellet, ned lia til garden som ligg rett nedunder i dalen.

Arbeidet vart mislukka. Tjønna som ligg på ei høgd, klarte ikkje å magasinere opp nok vatn, slik at det som rann framover fjellet og ned gjennom skogen fordunsta og drakk ned i grunnen. Lite eller ingenting nådde åkeren. Arbeidet husmannen la ned i tiltaket, vart såleis fånyttes. Det har vore streva med fleire slike tiltak som har synt seg ikkje å føre fram. Anten vart arbeidet for omfattande, eller dei hadde forrekna seg. Slikt arbeid blir i Skjåk kalla ”måfå-arbeid”, og ei slik veit ei ”måfå-veit”.

Aursjoen
Aursjoen frå austenda
Frå denne staden ser ein mot nord og ned på Aursjoen. Innsjøen er 7 km lang. Namnet tyder innsjøen der ferskvassfisken aure held til. Fisk var i eldre tider også betalingsmiddel for skatt til kongen og kyrkja. Aursjoen var av dei vatna som var mest nytta til fiske. Fiske gjekk føre seg med

• garn (langs strendene her er det funne fleire neversøkke som har vore brukte på garna)
• lyster (det er funne ein gamal lystergaffel ved den gamle vegen ned frå austenden av Aursjoen)
• sleo (plassert i bekker som renn ut i innsjøen, og i utløpselva Aura)

Aursjoen har også vore brukt til uttak av vatnarvatn for gardane på båe sider av Aurdalen i grendene Reppen og Norda Aura. I elva Aura har vatnet vore nytta til kvernbruk i uminnelege tider. I eit skiftedokument frå år 1434 er kvernbruk nemnt. Dessutan har det vore oppgangssag ved vassdraget. Tradisjonen seier at material til Skjåk kyrkja som vart bygd 1752, vart saga der.

Bygging av vassveit
For å få vatnet til bygda til velsigning for åker og eng, måtte dei utnytte terrenget best mogleg. Den stuttaste vegen var ikkje alltid den lettaste. For å unngå for mykje graving nivellerte dei terrenget slik at det ser ut som om vatnet renn ”mot bakken”. Til dette formålet nytta dei ein reidskap som dei kalla vaterpass.

Den mest kjende til å leie slikt arbeid var Peder Pedersen Dagsgardsøygard (1782–1846). Lokalt kalla ”Vass-Per”. Han har arbeidt vassvegar både i Skjåk og fleire bygder. Studer korleis dei utnytta terreng og materiale for å få vassvegen så funksjonell som mogleg. Ver varsam så han ikkje blir øydelagd, for vassvegen er framleis i bruk.

Flåtåtjønn
Flåtåtjønn
Flåtåtjønnbue står open. Utgangspunktet for mange vatningssystem er ei tjønn som her, Flåtåtjønn. For å få samla mest mogleg vatn, var det vanleg å bygge demningar. Det vart lagt ned eit stort arbeid i dette dersom dei skjønte at det kunne gje sikrare vatn lenger utover sumaren. Sjølv om tjønna ligg
høgt med lite nedslagsfelt, regnar det ofte her. Fjellet stoppar regnet før det når fram til hovuddalføret.

Ein ser ofte regnbyger inne på høene her, og da seier folk i Skjåk at ”dæ grin i høåm”. Når det skulle gjerast større arbeid på veita og dammen, var det vanleg å byggje seg eit ”krypinn”, ei primitiv hytte til å overnatte i. Det var gardane Flåten og Jemnheim som fyrst av hadde rett til vatnet frå Flåtåtjønn.

Ei mindre tjønn, Jemnheimstjønn, ligg inne på høgda nordvest for hytta. Vatnet frå desse to tjønnene vart teke saman i ei veit og så delt att nede i dalen ved gardane. Ved arv og handel har så vatnet frå her inne skifta eigarar mellom dei som kunne nytte det. I dag er det gardane Husom og Nordistu’n
Kittilstad som har vassrettane herifrå.

Området rundt Flåtåtjønn har og vore nytta til reinfangst. Såleis går det ei grav-rekkje opp på sørsida av vatnet og framover mot Bispberget.

Mosetak
Skjåk er ei karrig fjellbygd. Sjølv om den intense varmen i sommarhalvåret legg grunnlaget for gode avlingar, har fjellet også til tider hatt mykje å seie som forvinne (skaffe til vegs krøtterfôr).

Mose, lokalt måså, var ein av desse ressursane som vart nytta. Eigentleg var det ymse former for reinlav som vart nytta, men i Skjåk kalla ein både mose og lav for ”måså”.

Måså’n vart teken på plassar der det var mykje av han, slik at ein kunne bruke små river speielt laga for formålet, såkalla måsåriver. Måså’n vart sanka i periodar om hausten med regn og fukt i lufta. Når ein hadde sanka han i haugar, hadde ein han opp i måsåformer. Det var firkanta kasser som vart lette å setje saman og ta frå kvarandre. Måså’n vart trakka hardt saman i forma og fuktig som han var, fraus han i hop til ein firkanta klump når frostnettene sette inn om hausten. Da kunne forma fjernast, og ein hadde ein firkanta måsåklump. Desse blokkene vart så frakta til bygds på kjelke eller slede.

Fleire stadnamn er knytta til denne verksemnda, som til dømes ”måsådrågje”. Måså’n vart køyrd heim om vinteren, og nytta til krøtterfôr utover vinteren og i vårknipa. Lav vart og nytta til menneskeføde i uår. Såleis var ein steinlav, som kallast fjellnever, brukt til mat her i traktene.

Kittilstadtjønn
Nede i dalen ligg gardane Nordistu’n Kittilstad og Systu’n Kittilstad. Desse gardane hadde opprinneleg vassretten frå Kittilstadtjønn.

Vatnet frå Flåtåtjønn til Flåten og Jemnheim gjekk forbi Kittilstadtjønn i trolag for ikkje å blande dei to vassrettane. Ei tro er ei uthola furustamme som vart brukt til å føre vatnet i. Ein ser restane etter dette trolaget forbi tjønna.

Frå 1838 til 1945:
• Flåtåtjønn ga vatn til Bruheim og Skamsargardane.
• Kittilstadtjønn og Jevnheimtjønn ga vatn til Husom og Nordistu’n Kittilstad.
• Skriugroven ga vatn til Flåten og Jevnheim og fleire gardar.

I 1945 kjøpte Husom og Nordistu’n Kittilstad vassretten til Flåtåtjønn og som no renn ned i Kittilstadtjønn. Vassveita er enno i bruk. Vassveita forbi Kittilstadtjønn og til venstre mot Skamsar, Bruheim, Flåten og Jemnheim er lagt ned.

Vassveita frå Flåtåtjønn til Skamsar hadde ei lengde på 5.5 km.
Vassveita frå Flåtåtjønn til Kittilstad har i dag ei lengd på 4,5 km.

Om våren når snøsmeltinga nede i dalen og oppetter lia er over, kan det bli svært turt på åkrane. Samstundes ligg det ofte snø her inne og stenger for vatnet som skal fram i veita. Spesielt på stader som nedover frå denne tjønna er det ofte vanskeleg å få fram vatnet.

Før var det vanleg å reise til fjells og på dugnad hjelpe vatnet fram. Var det mykje snø, vart vassveita mylda og seinare måkt fram. Elles brukte dei lange stenger som dei stakk ned i snøen over veita og prøvde å laga far for vatnet på den måten.

Vassdele
Når fleire gardar skal dele eit vatn, lagar ein eit vassdele. Det kan vere ei veit som blir delt i fleire veiter med stein eller med ein delingsstokk.

Delet her nedover til høgre går til Nordistu’n Kittilstad og Husom og nedover til venstre til garden Systu’n Kittilstad, og frå 1838 til 1945 til Skamsargardane og Bruheim. Vassveita som tidlegare gjekk nedover til venstre, er ikkje lenger i bruk.

Kraftproduksjon
Som nemnt før, har vatnet frå Aursjoen vore nytta til kraftproduksjon sidan 1920.

I 1960 byrja ei ny kraftutbygging frå Aursjoen. Aursjoen vart regulert ytterlegare. Det vart skote tunnel frå nede i lia og inn under Aursjoen. Denne er 1270 meter lang. Frå tunnelen går det røyrgate ned lia til kraftverket som ligg nede i dalen. Fallhøgda er 680 meter.
I verket er ein generator på 34 MW. Dette gjev ein kraftproduksjon på 105 GWh. Opplandskraft eig kraftstasjonen Skjåk1, med Eidsiva Vannkraft som drivar.

I dag blir færre av dei gamle vassvegane nytta til vatning, og dei gror att. Det er enklare og billigare å bruke krafta frå Skjåk 1 til å pumpe vatn frå Ottaelva og inn i vatningssystemet på gardane. Vatnet frå fjellet blir nytta der det er lett å få det fram, fordi fjellvatnet har betre temperatur enn elvevatnet i Ottaelva.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Gruvelia