Ytstebreen
Hestbreapiggane er ein fjellrekke mellom Bøverdalen i Lom og Lundadalen i Skjåk. Hestbreapiggane dannar ein rein skarp rygg i retning aust-nord-aust med alpine toppar. Hovudryggen har brear på begge sider. Dei høgtliggande platåa kan vere nakne, men og dekte av blokkhav og morener med permafrost.
Heile massivet ligg i Breheimen nasjonalpark. Nørdre Hestbreapiggen er 2 172 moh og er det 69. høgaste fjellet i landet. Det er også det høgaste fjellet i Skjåk. Vest for dette ligg
Hestbreapiggen M2 på 2143 moh og Låven på 2012 moh. Mellom desse fjella ligg Ystebreen. Øvstedelen av Ystebreen heiter Grautfatet.
Sidene og bakveggen for breen er nærast loddrette og over hundre meter høge. Morenene på kvar side av Ytste Breen. Desse drenerer nordover og dannar samansette botnar som er eroderte inn i Hestbremassivet. Ein del av moreneryggane har vorte fjerna av erosjon frå breelva, men
sidemorenene er nesten slik dei vart danna.
Ytstebreen er ein liten dalbre som startar 2050 moh og bretunga på platået går ned til omlag 1700 moh i dag. Men i Den vesle istida strakte dei seg ned til om lag 1200 moh i Lundadalen. Bildet til høgre er frå 2011. Bildet til venstre er langt eldre.

Kommentarer
Legg inn en kommentar