Steinbrue

Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen like etter brua over Tora mot nord. Parker på parkeringsplass ved elva.
Steinbrue er ein naturleg bru over Føysa vel 1 km ovafor Billingen Seterpensjonat. På turen oppover finn du ulvelav på tørre gamle furugreiner. Det er ein gulgrøn og sjeldan lav som er typisk for området. Øvst i skogen kjem du til eit stigkryss. Ta stigen mot Føysa og over Steinbrue. På andre sida av Føysa går stigen ned att over den øvste Tora brua til Billingen seter. Gå ned langs Tora, over Tora på ei restaurert utleggsbru og ned til informasjonspunktet.
For ca 10 000 år sidan da den siste istida tok slutt skjedde det mange geologiske endringar som vi ser resultatet av enda i dag. Steinbura vart danna den gongen ved at den store steinen vart frakta med isen, og da isen smelta vart han liggjande i gjeldet her. Brua har vore brukt av både menneske og dyr.
I den lokale folketradisjonen vart den merkelege ”brua” til ei følgjande historie:
«For lang tid sidan levde eit uhyre av eit troll, eller jøtul, langt vest i Tordalsfjella, som vart kalla Tore, og som dalen er kalla oppatt etter. Somme trudde til og med at det var guden Tor som hadde teke bustad der. Trollet skulle vera gift med dottera til eit anna troll som levde i Synstålkyrkja. Ein gong hadde denne kona, som heitte Føyse, vore på vitjing hjå foreldra sine i jula, og ho vart der framover vinteren, men da det lei mot våren tok ho til å lengta etter mannen sin. Så bestemte ho seg for å reise heim ein dag, og ho la i veg som berre gygrer (trollkjerringar) kan gå.
Dette råka til å skje midt i den verste snøsmeltinga, så alle elver gjekk fulle av is og snøsørpe. I slikt føre kom ho til denne elva, og sjølv for eit troll var det ikkje godt å kome fram da det ikkje fanst nokon overgang. Snøen var djup og blaut så ho kom verken fram eller attende. Ho kom seg opp på ein haug og ropte til mannen sin at han skulle kome med saltsteinen deira – ein rund stein som vart brukt til å knuse salt med, og leggje den over elva så ho kunne kome over. Enda avstanden mellom dei var over ei norsk mil, høyrde dei einannan svært godt, så han kom og fekk si kjære hustru med seg heim, men steinen vart liggjande att og elva vart frå denne dag kalla Føysa, etter gygra.»
Kommentarer
Legg inn en kommentar