Fjuken

Opprinneleg ga Fjuken vatn til Skei. Fjellvatnet kjem fjukande ned urda nordafor Bispberget. 

Måfåveita
Gardbrukerne på dei tre Forbergsgårdene og Mogard ville ta vatn frå Skamsarfossen i Bismoveita ei tid før 1880. Bismoveita gjekk fram til Fjuken og ned langs skiftet mot Skjåkheimen. Gardbrukarane synna Berget bygda så ei grein frå Bismoveita austover mot Bellingsdalen, men det ble ei Måfåveit. Ho kryssa Fjuken vest for gardsvegen til Skei og heldt høgda på nordsida av Fjuken til midt i Skriujordet. I Bellingsdalen er veita borte, men i skiftet mellom Bellingsdalen og Gamleheimstredet finn ein ho att i bakken i Gamleheimstredet. Truleg finn vi ikkje spor av veita gjennom Bellingsdalen fordi ho gjekk i trolag ved av kryssing av dei fire små grøvene frå kjelder i lia ovafor Bellingsdalen. Veita heldt fram i randen utafor Bellingsdalsbakken og endte i sand i Hulderholet. 

Skeis-Fjuken ved enden av Skogsvegen fra Berger
Vatnet i Bismoveita ble teke inn frå Ottaelva fram til 1967. Inntaket låg opprinneleg i skiftet mellom Hågå og Bruheim. Bismoveita gjekk ovafor Skamsarsaga. Skjåk Almenning hadde vedlikehaldet av vassveita forbi sagbruket etter at dei kjøpte saga i 1916. På grunn av støv fra sagbruket gjekk vatnet i eit trerøyr av underhøvla golvbord forbi heile sagbruket. Røyret var 50 cm i diameter. Gjælinga var av rundjern der endane vart vridde ein halv gang rundt. Da den nye Skamsarbrua vart bygt i 1953, vart det slutt med å ta fram vatn vidare til Skei og Bismoen. No er Bismoveita borte over Skeisjordet, men var tidlegare synleg i randen ovanfor Skjåkheimen.

Vatn til bruka i Bellingsdalen
Gamleheimstredet var einaste plassen på strekninga som ikkje hadde tilgang til vatn. 

Per Skamsar i Nystugun, leigde bort vatn frå kjelda ovafor Gamleheimstredet til brukaren av Gamleheimstredet. Han tykte det ikkje var noko å krevje betaling for. Men for at Gamleheimstredet ikkje skulle få vassrett i denne kjelda, ble det skreve kontrakt der leiga var fastsett til ein kopp kaffe i året.

Bellingsdalen fekk vatn frå ei kjelde på eigedommen. Skamsar søndre hadde oppkomme-vatn på eigedommen til dyrkajorda nord for Fjuken. Det same var tilfellet med Skriujordet under Skei.

Skei mot Forbergsgardane
Skei fikk altså det meste av vatnarvatnet frå Fjuken. Enno i dag kan du sjå små stykker av trolaget frå høgt oppe under berget og ned til garden. Det var bratt og det var utsatt for is-ras frå fossen. Ofte kom det isklompar og skred ned det bratte lendet. Trolaget var omlag 600 meter langt. Eit år i den tida dei trengte vatnet mest, slo isen i styjkker 50 meter trolag. 

Da sto Skeis-mannen og bøtte på trolaget heile sommarnatta, for raudbrente jorder ville han ikkje ha, skriv Gregor Kummen. Kanskje fant han ein meter trolag som kunne brukast, og resten måtte han ta frå reserven han hadde heime. Da vart det mange trolag som måtte bærast oppover bratte lie for å få fram att vatnet.   

Innpå Bispberget grov folka på Forbergsgardene i 1880-åra ei veit frå Fjuken som rant sørover og ned til gårdene på sørsida av Bispberget. Det ble så ille for Skei at gården fikk misvekst på jordene sine. Etter noen år kom saka opp i Forliksrådet. Forbergsgårdene ville eie vatnet, men Skei protesterte. Det endte med at Forbergsgårdene ble dømt til å kjøyre både fôr og korn til Skei. Sidan har det blitt ein naturleg deling av vatnet innanfor Bispberget.

Skeis-Fjuken og Forbergs-Fjuken
Bispberget deler Skjåk-bygda i to: Norda Berget og Synna Berget. Fjuken kommer frå Forbergstjønnene og renner ned på vestsida av berget gjennom Skeisholet og ned med ei grein ut i Ottaelva ved Skjåkheimen og ei grein gjennom Bellingsdalen. På vestsida av Berget hadde Skei vatn frå Fjuken. Her er grova kalt Skeis-Fjuken av mange. 

Det naturlege faret til bekken går ned gjennom Skeidsholet og mot Bismo. Fjuken kaster seg utfor berget i eit bratt v-forma hogg. Siste delen før Fjuken når foten av bratthenget, faller den i fritt fall. Fjuken renn ned i grunnen midt nede i lia. Men du kan høyre den nede under store steinar. Nokre veker om våren renn Fjuken også i dagen. Bekkeløpet er prega av at Fjuken har brakt med seg is, snø og stein. Sommarstid kan du ikkje sjå Fjuken att før den kjem fram heilt ned på flata i Bellingsdalen. Der renn Fjuken roleg vidare og under riksvegen i røyr ved krysset med hovudvegen inn i Bismo, under Skeimoplassen og nedover bustadfeltet i røyr på skrå mot Blåbærmyra. Fjuken renn ut i Otta elv nedanfor det gamle Bismo reinseanlegg.

Oppå berget er det teke av ei veit som fører vatnet austover og ned Fjuklie. Her går også stigen ned Skåret til Forbergsgardane. Når det er sterk vind i Bispberget, fyker heile fossen ut i været med vinden. Vatnet i Forbergs-Fjuken er delt i to, og sidan er kvar grein delt i to under berget. Her er grova kalt Forbergs-Fjuken av mange.

Forbergstjønnene 
Forbergstjønnene
Forbergstjønn er eit oppdemt vatn innafor Bispberget og under Skamsarkampen. Kjeldene til Fjuken er samla opp i Øvste Forbergstjønn, og så ein dam til i Midttjønnet, og enda ein for Fremste Forbergstjønn før Fjuken renn vidare ut Fjukdalen og nærast forsvinn i steinur. Dammane er eit imponerande byggverk for å skaffe seg vatningsvatn. 

Dammar og vassvegar vart gjort med handmakt, vatnet vart ført ned fjellsidene og til gardane ved hjelp av gravne renner eller trerenner, såkalla trolag.

Den øvste demninga er frå 1801, og har visstnok aldri vore i bruk. Årstalet og namna på dei som utførte arbeidet er hogd inn i stein i vestenda av dammen. Det heiter seg at denne dammen vart gjeve opp på grunn av lekkasje. 

Fremste Forbergstjønn dam
Dammen i midten er framleis i bruk. Årstalet 1900 er inngravert i mutteren på tappemekanismen. Det er dokumentert at han da vart påbygd og høgda. Arbeida i 1900 vart visstnok leia av Østen Toresson Teigum. Han er kjend som Kveinn Østen, og var 67 år under arbeidet med demninga i Midtitjønne. Ansvaret for å ta fram og stengje i Forbergstjønne har i hovudsak fulle på Sevald på Sygard Forberg. 
Den fremste demninga blir ikkje brukt. Den er tett og heldt godt på vatn; noko som er eit problem om våren. Det har vore vurdert å rive dammen for å unngå at vatnet grev under demninga i Midtitjønne.

Steinbu og dam Fremste Forbergstjønn
Steinbu innved Forbergstjønnen
Det er litt usikkert kor gamal bua er, men under restaureringsarbeidet kom det fram ein stein nedst i muren med nokre forbokstavar og eit årstal. Årstalet er tyda som 1887. Truleg var steinbua mura opp i samband med bygging av den fremste dammen. Steinbua ligg ved dammen ved Fremste Forbergtjønn. 

Det er grunn til å tru at denne dammen har om lag same alder som steinbua. Noko som talar for tidlegare datering, er at denne demningen har ei meir primitiv lukkemekanisme enn dei andre demningane. I denne dammen er lukehuset mura i sjølve demningen. Dei andre dammane har separate lukehus mura på innsida av demningen. 

Forbergs-Fjuken like etter delet
Fjuken vassdele
Dele av Skeis-Fjuken og Forbergs-Fjuken ligg i grov ur. Det er kasta opp noko grov stein i urda, men det er uråd å påvise noko delemerke. 

Skeis-Fjuken
Det er eit gamalt inntak frå Skeis-Fjuken for eit 400 meter trolag til Skei. Gregor Kummen seier i boka si om vatnet, at trolaget var 600 meter og 1 km. Enno i dag kan ein finne restar etter dette trolaget opp langs Fjuken. Opprinneleg har truleg Skei hatt einerett til vatn frå Fjuken, og seinare hatt delt vassrett etter at Forbergsgardane bygde dammar i Forbergstjønna. 

Skeis-Fjuken vart delt att rett ovanfor Skjåkheimen. Ein del rant ned gjennom Bellingsdalen til Auto-Service, under riksvegen, Skeimoplassen, følgde det gamle faret til Otta elv og ut i Otta ved Blåbærmyra. Ein anna del rant i røyr ned langs vegen til Skjåkheimen, under riksvegen og ut i Otta elv. No i dag bygger kommuna nytt overløp med større dimensjonar. 

Dammen på Bispberget midt i bildet
Forbergs-Fjuken
Etter vel ein kilometer passerer vatnet gjennom den eldste dammen nesten framme på Bispberget. Dammen ligg rett innanfor Fjuklia der Nørdre og Søre Fjuken fell ned mot bygda Synna Berget. Denne dammen er den eldste, og var truleg bygd tidleg på 1700-talet. Bispberget dam raste saman kring1980. Dammen er ikkje i bruk.

Dammen er 15 meter lang. Midt på stein-muren er det lagd en gang tvert gjennom.  Både på oversida og nedsida av gangen var det mura inn store stokker på 3-4 meter som sto rett opp. Det var hugd inn tre firkanta hol i stokkane på 10x13 cm. Holet i botn var for å tømme demninga for vatn. Ein meter ovafor var det eit nytt hol, og øvst var det eit hol like under vassmålet når demninga var full. Dei brukte ein 80 cm lang og firkanta vassnykkjel til å tette hola ved behov. 

Vassdeler ned mot Forbergsgardane
Vatnet blir delt med ein delingsstokk i tregrensa før vatnet kastar seg utfor berget. Vatnet til Sygard og Nordstun Forberg går mot aust i Søre Fjuken og vatnet til Nordigard Forberg og Mogard går mot vest i Nørdre Fjuken. 

I ura under berget ble vatnet sendt vidare i trolag ned over ura.

Nesten 100 høgdemeter ovanfor gardane er det eit nytt vassdele med støypt delingskasse og inntak for Sygard Forberg og Nordstun Forberg. Det ble bygt i 1938, og delar vatnet i to like delar. Halvparten av vatnet i Nørdre Fjuken ble teke av i eit trolag nordover til Mogard. Trolaget ble erstatta med jarnrøyr i 1970.

Kjelder:
Registreringer av vassveiter. 
Fjuken om Fjuken.
Fjuken i boka til Gregor Kummen.
Lokalhistoriewiki: Skjåk Almenning.
Lokalhistoriewiki: Skjåk.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren