Berggrunnen i Skjåk

Vi kan dele bergartane i Skjåk i 4 hovudgrupper:

  1. Ottadalskomplekset
  2. Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset
  3. Sveconorvegiske granittar
  4. Kaledonske bergartar
Området som er geologisk mest interessant er raudberga i Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset. Dei er lette å sjå, og du finn raudberga på Sotflya, i Rauddalen, ved Nysetra, på Krosshø og innover Spongflya.

Over bergartane ligg lausmassar som is og vatn har erodert bort frå berggrunnen.  Lausmassane finn vi mest av i dalane.

Ottadalskomplekset
Ottadalskomplekset består for det meste av det vi i daglegtale kallar gråstein. Det rette namnet er gneis. Gneis er ei blanding av feltspat, kvarts, glimmer og noko amfibol. Gneis har ei struktur i band. Du kan sjå det som ei slags lagdeling. Farga er grå, noko ljosare når det er mykje feltspat, og mørkare når det er meir glimmer og amfibol. Øybergsurda er ein stor steinurd ved inngangen til Billingsdalen. All steinen her er frå grunnfjellet.

Gneisen i Skjåk er omdanna frå granitt. Du kan sjå gneis like ved Pollfossen. Omdanninga har skjedd under den sveconorvegiske fjellkjededanning for 1000 millionar år sidan og under den kaledonske fjellkjedefoldinga for 440 millionar år sidan.

Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset
TGL-komplekset strekker seg frå Sota i Breheimen i sør over Rauddalsdammen til Grotli i Breiddalen. Her delar TGL-komplekset seg i ei grein mot nord over Viksvatnet og til Tafjord og ei grein mot nordaust over Storebreen til Lesjaskog.

TGL-komplekset er ei samling av svært ulike bergartar:


  1. Dei omhandla sedimentære bergartane
  2. Dei omhandla storkningsbergartane
  3. Raudberga
Sveconorvegiske granittar
Hestbrepiggen 2172 moh
Granitten har trengt gjennom eldre gneisar for 1000 millionar år sidan. Du kan finne 2 granittypar:

  1. Grovkorna granitt
  2. Hestbrepiggranitt

Grovkorna granitt
Denne granitten har rosa kalifeltspatkorn på 2-4 cm. Du finn den i Tverregga ved Mysubytta.

Hestbrepiggranitt
Hestbrepiggranitt er middelkorna og ljos grå. I Hestbrepiggane er det eit mindre massiv som sendar ut gangar som skjer seg gjennom bergartar omkring. Men du kan også finne mindre kroppar av denne granitten nord for Breiddalsvatnet, i Mårådalen, rundt Skridulaupen, ved Vassvendtjønnene, Tundradalen og i Øyberget.

Kaledonske bergartar
Leire og sand ble avsett på havbotn for 900 millionar år sidan, omdanna til fyllitt og skuve inn over  grunnfjellet  i Skjåk for 400 millionar år sidan. Så ble dei pressa samen og folda. I Skjåk er det berre restar att av skyvedekket fordi erosjon har grave seg heilt ned på grunnfjellet att. Men vi ser skyvedekket sør for Skjåk, i Jotunheimen i Lom. I Lundadalen kan du sjå restar av skyvedekket. Lundadalen skjer seg gjennom randen av skyvedekket av fyllitt. Du ser det frå Grjotåkampen til Hesthø, Sandgrovhø og Moldurhø.

Du finn glimmerskifer av kvarts, glimmer og kloritt i Grjotåkampen. Den er svart på grunn av grafitt. På Storberka kan du finne nokre grafittforkomster. På Høgberget og Moldurhø finn du ljos kvartsitt. 

Kommentarer

  1. Flott skrivi og forklart, Morten !
    Geologien og geografien i Skjåk er utruleg spennande, og bør gjeva mange lyst til å vandre her. Har du tenkt å gjeva dette ut i hefteform saman med turføraren ?
    Torgeir T. Garmo

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren