Berggrunnen i Skjåk
Vi kan dele bergartane i Skjåk i 4 hovudgrupper:
- Ottadalskomplekset
- Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset
- Sveconorvegiske
granittar
- Kaledonske
bergartar
Området som er geologisk mest interessant er raudberga i Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset.
Dei er lette å sjå, og du finn raudberga på Sotflya, i Rauddalen, ved Nysetra,
på Krosshø og innover Spongflya.
Over bergartane ligg lausmassar som is og vatn har erodert bort frå
berggrunnen. Lausmassane finn vi mest av
i dalane.
Ottadalskomplekset
Ottadalskomplekset består for det meste av det vi i daglegtale kallar
gråstein. Det rette namnet er gneis. Gneis er ei blanding av feltspat, kvarts,
glimmer og noko amfibol. Gneis har ei struktur i band. Du kan sjå det som ei
slags lagdeling. Farga er grå, noko ljosare når det er mykje feltspat, og
mørkare når det er meir glimmer og amfibol. Øybergsurda er ein stor steinurd
ved inngangen til Billingsdalen. All steinen her er frå grunnfjellet.
Gneisen i Skjåk er omdanna frå granitt. Du kan sjå gneis like ved
Pollfossen. Omdanninga har skjedd under den sveconorvegiske fjellkjededanning
for 1000 millionar år sidan og under den kaledonske fjellkjedefoldinga for 440
millionar år sidan.
Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset
TGL-komplekset strekker seg frå Sota i Breheimen i sør over
Rauddalsdammen til Grotli i Breiddalen. Her delar TGL-komplekset seg i ei grein
mot nord over Viksvatnet og til Tafjord og ei grein mot nordaust over Storebreen
til Lesjaskog.
TGL-komplekset er ei samling av svært ulike bergartar:
- Dei omhandla
sedimentære bergartane
- Dei omhandla
storkningsbergartane
- Raudberga
Sveconorvegiske granittar
![]() |
Hestbrepiggen 2172 moh |
- Grovkorna
granitt
- Hestbrepiggranitt
Grovkorna granitt
Denne granitten har rosa kalifeltspatkorn på 2-4 cm . Du finn den i Tverregga
ved Mysubytta.
Hestbrepiggranitt
Hestbrepiggranitt er middelkorna og ljos grå. I Hestbrepiggane er det
eit mindre massiv som sendar ut gangar som skjer seg gjennom bergartar omkring.
Men du kan også finne mindre kroppar av denne granitten nord for
Breiddalsvatnet, i Mårådalen, rundt Skridulaupen, ved Vassvendtjønnene,
Tundradalen og i Øyberget.
Kaledonske bergartar
Leire og sand ble avsett på havbotn for 900 millionar år sidan, omdanna
til fyllitt og skuve inn over
grunnfjellet i Skjåk for 400
millionar år sidan. Så ble dei pressa samen og folda. I Skjåk er det berre
restar att av skyvedekket fordi erosjon har grave seg heilt ned på grunnfjellet
att. Men vi ser skyvedekket sør for Skjåk, i Jotunheimen i Lom. I Lundadalen
kan du sjå restar av skyvedekket. Lundadalen skjer seg gjennom randen av
skyvedekket av fyllitt. Du ser det frå Grjotåkampen til Hesthø, Sandgrovhø og
Moldurhø.
Du finn glimmerskifer av kvarts, glimmer og kloritt i Grjotåkampen. Den
er svart på grunn av grafitt. På Storberka kan du finne nokre
grafittforkomster. På Høgberget og Moldurhø finn du ljos kvartsitt.
Flott skrivi og forklart, Morten !
SvarSlettGeologien og geografien i Skjåk er utruleg spennande, og bør gjeva mange lyst til å vandre her. Har du tenkt å gjeva dette ut i hefteform saman med turføraren ?
Torgeir T. Garmo