Raudberget

Raudberget på Lesjaskog
Raudberga stikk opp av grunnfjellet mange stader mellom Lesja og Skjåk i det som blir kalla Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset. Raudberga er eit olivinberg som er særs rike på mineral.

TGL-komplekset dannar ein Y som strekker seg frå Tafjord  og Lesjaskog til Grotli og ned til Sota i Skjåk. Raudberga er typiske for TGL-komplekset.

Raudberga er bygd opp av bergarten peridotitt. Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget.

Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset
Det er bergarten serpentinitt som gjev farga. Den består av minerala serpentin og olivin i noko varierande blanding. Når innhaldet av serpentin går ned og olivin blir det dominerande mineral i bergarten, er det rett å kalle bergarten olivinstein. Overflatefarga er ofte meir gul for olivinstein og meir raud for serpentinrike typar. Rein olivinstein er førebels ikkje funnet. Vi finn også meir grøne lag av peridotitt.

Serpentinitt og olivinstein har eit tynt oksidasjonslag på omlag 1cm yttarst som er svært ulikt den finkorna og mørke friske bergarten. Raudberga er så næringsfattige at det blir liten eller ingen vegetasjon på jordsmonnet som blir danna ved forvitring. Viktige næringsstoff som til dømes kalsium, kalium og fosfor manglar heilt i raudberga. Rauberga er nakne, raude og ofte sterkt oppsprukne i blokkar.

Olivin er ein av hovuddelane i mantelen. Mantelen ligg 2800 km under jordoverflata. Attende i urtida ble olivinbergartar pressa opp til jordoverflata som magma, for seinare å bli trykt ned til 70 km dybde. Her ble dei omdanna under høge trykk- og temperaturar. Under fjellkjedefoldinga i kaledonsk tid, er raudberga pressa opp til overflata. Det er uvanleg, sjølv i global målestokk, å sjå dei djupaste delane av havbotnskorpa så godt eksponert som i Raudberga.

Ved metamorfose kan olivin reagere med vatn og luft og danne mineral som serpentin og talk og bergarten serpentinitt. Elles inneheld rauberg magnesitt, tremolitt, kloritt, kromitt. Og ørsmå mengder av platina og palladium. Den reine krystallen av olivin blir kalla peridot. Det er ein halvedelsten. Nokre av verdas største og vakraste peridotar kjem frå Åheim på Sunnmøre. Peridot var den mest populære smykkestein i barokktida og skulle bringe lykke til eigaren. Peridot er fødselssteinen for dei som er fødd i august og står for namngjeten, styrke og energi.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Brukseieren

Oldemor 104 år