Bispberget

Stigen går frå Bismo og opp til Skeidsholet og vidare til Bispberget. Postkassa på Bispberget står på 1007 moh. Fin novembertur nesten uten snø.

Gammel furuskog er en vanlig skogtype i Skeidsholet. Kjennetegnet er mye liggende og stående død ved, furugadd. Ulvelav er en av karakterartene.

Ulvelav finst for det meste i indre strøk av Austlandet, og den veks særleg i gamal furuskog, på turr ved. Spesielle trekk er den klåre svovelgule farga. Ulvelav er giftig (inneheld vulpinsyre) og har i tidligare tider vore brukt som gift i ulveåte, derfor namnet. Ulvelav er vurdert som sårbar etter den norske Raudlista, da den særleg veks i gamal furuskog som har får stått urøyvd.
Fram til på 1800-talet var ulvelaven handelsvare og i Skjåk vart den sanka og selt på marknader for bruk i ulveåte eller til farging av garn.
Ulvelav vart brukt i åtefangst. Tidligare var det vanleg å blande små glasbitar og ulvelav i klumpar av kjøt. Dei vart lagt ut til åte for rev og ulv. Når dyra åt kjøtklumpane, rev glasbitane i stykker tarmveggane og gifta vart teke opp i blodet. Etter ein stund døde så dyra av gifta.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren