Ofossen

Bildet er tatt med stativ i minus 24 grader og frostrøyk 22-12-2007. Det tok en halvtime før fargene var på det beste.
Bildet er tatt med Nikon D40x, blender 22 på 1/8 sek og iso1600.

Ofossen er ei gamaldags mølle som framleis er i drift. Maling av bygg har foregått her i mange generasjonar. Bygg har på mange måtar vore eit slags gull for Skjåk-bygda. Gardbrukarane sette æra si i å produsere bygg av den beste kvalitet. Den fyrste mølla vart sett opp ved Ofossen i 1875 av Kveinn-Esten. Same året vart brua over Otta elv bygd på same staden av gardbrukarar i Lundagrenda. Frå den tid og fram til i dag har det vore samanhengande drift på Ofossen mølle. Mange møllarar har hatt sitt virke under ulike eigarar. I bygningane og plassen har det også vore mykje anna aktivitet. I mølla si 140 årige historie utmerkar åra 1910-1930 seg som særleg aktive. I denne perioda vart det starta ysteri, landhandel, skofabrikk, hanskefabrikk og snikkarverkstad på Ofossen. I dag produserer Ofossen mølle ”Skjåkmjøl” og ”Skjåkgryn” av bygg som er dyrka i Ottadalen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren