Kleberberget

Følg grusvegen 2,1 km frå Dambrua. 200 meter etter at du går over brua over Rota, går ein hogstveg av på skrå mot høgre. Følg hogstvegen oppover omlag 600 meter og stigen vidare. Stigen er merka opp til tregrensa.

Stigen går om Hullarhaugen og opp under Kleberberget. Stigen går no under Kleberberget og opp mot der austre grein av Rota renn bratt nedover lia. Stigen går om Kleberberget og opp over tregrensa. Her på kanten ser du mot Raudberget i vest, Kampen mot søraust og Kluftberget mot aust. Eg kallar steinformasjonen på 1037 moh for Kluftberget.
Frå Kluftberget går det ein utydeleg stig på skrå ned til Prestsetra vidare mot aust.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren