Billingen seterstul

Billingen ligg 18,9 km vest for Dønfoss ved Rv.15
Billingen er ein av del eldste seterstulane i Skjåk.  Vi veit at det var seter her i 1665, da fyrste skattematrikkelen for Skjåk vart laga. Den er delt i Øverstulen og Nerstulen.  Billingen er eit namn frå det norrøne språket og tyder tvilling, mest truleg etter den todelte seterstulen. 

Det er 10 gardar som har seter på Billingen.  Billingen ligg i Skjåk bygdeallmenning og gardane har bruksrett i allmenningen og rett til å drive seterdrift. Når gardar skulle finne ein plass og ha setra på, så var det vanleg at heile grender la setrene sine i same området.  Det er gardar frå Skjåkstrond som har setrer på Billingen.

Nokre gardar hadde både vårseter og sumarseter.  Dei brukte vårsetra som låg lengre ned i dalen, frå det vart berr mark og til det vart snøfritt oppe i skoggrensa der sumarseterene vanlegvis ligg.  Billingen er ei sumarseter og blir brukt til seinhaustes.

På setrene hadde dei geit og kyr som vart mjølka utover sumaren. Budeiene som stelte bufeet ysta ost og kinna smør av mjølka.  Dette vart frakta ned til bygda med kløvhestar før i tida. Rundt 1920 vart det bygt ysteri ved nederste brua over Tora. Her leverte alle setereigarane mjølka og det var felles ysting.

Utleggsbrua 
For å lette på ferdslen, vart det bygt bru over Tora truleg på 1700-talet, men den kan godt vere eldre.  Brua kryssar Tora elv ned for samløpet mellom elvane Tora og Føysa. Det gjorde at ein kunne reise gjennom Billingsdalen utan å måtte vade større elvar. 

Brua er ei såkalla utleggsbru. Dette er ein gamal og byggjemåte brukt til å byggje bruer frå langt attende i tida.  Ein byggjer seg ut frå kvar bredd. Ein startar med å fundamentere og lafte ei tømmerkasse som ein fyller med stein.  Så legg ein utover tretokkar som går eit stykke inn på steinkista. På stokkane blir det lagt steinblokker som motvekter. Fleire stokkar blir lagt oppå kvarandre med motvekter og slik at kvar stokk stikk litt lengre ut enn den som ligg under. 
Når dette er gjort frå båe breddene av elva blir det til slutt lagt over ei stokklengd som bidt båe sidene saman. 

Den meste av den gamle brua fall ned i 1986. I 2008 vart det bydt oppatt bru på same staden, med delvis bruk av den gamle. Brua er både krokete og bratt opp frå båe kantar.  Brua er bygt etter terrenget og den glir harmonisk inn i landskapet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren