Brandsargutan som vart borte
I fjellet innanfor Sota er det tufter etter ein nedlagt seterstul som heiter Randsverk.
Det har nå gått 200 hundre år eller meir sidan stulen vart nedlagt og setrene flytta ned på Sota.
Det bar til ei hending der som vart årsak til at dei flytta, og minnet om hendinga lever og blir framleis fortalt.
Gutane som vart inntekne i Raudhaug
Brandsar var ein av gardane som hadde seter på Randsverk. Der var det ein sumar 2 gutar som var med syster si som var budeie der. Gutane var 10 og 12 år gamle og hadde fått vore med på setra ei tid, og nå lengta dei heimatt. Syster deira ville ikkje at dei skulle ta på heimveg att åleine. Fjellvegen var lang og farleg, det rakte klodyr, ulv og bjørn der, hulder og bergtroll kunne og sjå von i å få tak i eit par slike karar. Fjellvegen gjekk bortover like framved Raudhaug og der heldt Raudhaugtrolla til. Ho åtvara gutane sterkt, og bad dei vente til det kom folk frå heim på Brandsar, så dei fekk følge heimatt. Men gutane var oppsette på å koma i vegen, og ein dag da dei var med geitene innover Sotflya, tok dei på heimveg. Heilt utkjende på vegen var dei ikkje for dei hadde gått der før. Men det vart ruskever og skodde i fjellet, og så tapte dei leie og forvilla seg bort.
Da dei ikkje kom på setra at med geitene om kvelden vart budeia uroleg, og ho fekk med seg dei andre Randsverkbudeiene på leiting. Høgt og lågt inni fjellet vart det leita men gutane var ikkje å finne, så dei gav opp. Når dei hadde gått og ymta på at dei ville heim att, fekk ein tru at dei hadde teke på den vegen likevel. Det meinte budeiene.
Nokre dagar etter kom det folk frå bygda til Randsverk og da dei spurte etter gutane var dei ikkje heimkomne. Så vart det spurt etter dei på alle setrene og leiting innover fjellet. Men ingen hadde sett gutane og ingen fann dei. Slik som tru og tenkemåte var den gongen meinte dei at gutane måtte vere inntekne. Trolla hadde teke dei inn i berget. Da var det berre ein utveg og det var å ringe med kyrkjeklokkene. Det vart ringt med kyrkjeklokkene frå den gamle Hovskyrkja. Da dei hadde ringt på 3. dagen nådde klangen trolla i Raudhaug, og da kunne dei ikkje halde på gutane lenger, men måtte vera med dei heimatt. Gutane kom så langt som til ei kjelde som heiter Trokjelda og ho ligg like vestanfor garden Bransdar, men da rauk klokkesnori så ringinga tok slutt og gutane vart borte att som dei var sokne i jordi.
Julekvelden på Brandsar
Julekvelden etter da dei på Brandsar hadde dekt på bordet med julemat av alle slag og stelt til for helga så høyrde dei ei fæl ramling ute på garden. Dei viste ikkje ordet av det før døra gjekk opp og inn kom eit svært troll med ein av gutane deira i kvar hand. Gutane fortalde at dei budde i Raudhaug og at dei hadde fått med seg trollet heim ein tur den kvelden, for dei hugsa at det støtt var så gildt om julekvelden. Dei bad da om at heile følgjet måtte kome inn, og når det var gutane som bad kunne dei på Brandsar ikkje godt seie nei. Såleis bar det til at trollfolket heldt julekveld på Brandsar. Men folket der fann det best å koma seg til grannegarden. Å halde jul i lag med trolla, sto ikkje til for kristne folk.
Neste kveld var det roleg på Bransdar. Og dei såg ikkje til trolla før neste julekveld. Da kom trollhopen att på same vis, og slik gjekk det i mange år. På Brandsar sette dei på bordet og drog til grannegarden. Og når trolla kom køyrande og ridande nordantil bygda gjekk det så hardt at husa rista der dei drog fram. Vegen gjekk om Forbergsgardane den gongen og der rei dei så hardt at det rista i dørrinngane. Det var ringar på dørene den gongen. Det var ikkje mange som våga vera ute på vegane den kvelden.
Framandkaren
År etter år måtte dei på Brandsar halde seg borte julekvelden. Men ein juleefta kom ein framand kar til gards og bad om hus for natta. Dei bar seg for at det var uråd, for dei hadde ikkje hus sjølve dei. Om noko gav seg til der ville trolla ta dei. Men mannen meinte han ville ta den vågnaden sjøl, og så lenge bad han om det at dei gav seg. Men dei sa beint ut at dei trudde ikkje dei såg han att levande neste morgon.
Da mannen såleis endeleg fekk vera, gjekk han ut på jordet og skar ein gild stav av ein rogn som stod der. Denne staven kløyvde han i 4 delar til midt på, og tok med seg inn. Så fann han eit reinskinn som han laga ein alvorleg stor finnlabb av. I denne festa han ei snor, stilte den opp slik at han stakk fram får ein skåpdør inne der.
På Brandsar hadde dei dekt bordet og gått til grannegarden, og mannen ordna til det siste for å ta imot trollhopen. Han tok den lause enden av snora frå finnlabben og den 4-kløyvde staven og kraup bak peisen og la seg. Det gjekk ikkje lenge før ha høyrde ei veldig ramling ute på garden. Døra for opp og inn kom ein stor hop med troll, den eine større en den andre. Ein utgamal trollgubbe som var større en dei andre såg ut til å vera husbonden i laget.
Dei sette seg inntil bordet og forsynte seg som best dei kunne. Men så vart trollgubben var finnlabben som stakk fram får skapdøra. Han labba bort og såg vel på han. ”Bondemanns fot er stor”, sa han, ”men eg trur no min er større”. Og så stakk han foten i labben for å sjå om han passa. Men da drog mannen bak peisen fort i snora, og trollgubben rauk i golvet så lang han var. Da sprang mannen fram med rognstaven og tok til å denge laus på gubben. Nå er det slik med eit troll at det kan rekne av seg slaga det får, og gubben tok til å rekne: ”Eit, to –”. Men ettersom staven var 4-kløyvd fekk han 4 slag om gongen, og han kom berre til 2 før han fekk neste slag att og tok til og skrike høgt. Da dei andre trolla såg korleis det gjekk med gammlegubben vart dei så skremte at dei tok på dør, gamlegubben kraup på dør han med og heile flokken kom seg avgarde berre så det suste etter.
Nå var mannen åleine i huset og han la seg til å sove. Da Brandsarfolket kom att juledagsmorgon ville dei ikkje tru sine eigne augo da mannen var like god og i godt humør.
Etter den gongen kom ikkje trolla til Brandsar meir, og gutane såg dei aldri att. Men på
Rauhaug
Rauhaugstulen vart det umogleg å vera, så nære Raudhaug ville ingen vera budeie lenger. Brandsar og dei andre gardane tok seg nye setrer ved Sota.
Vil du finne plassen, må du køyre 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Det er bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Følg stigen Sota-Brennsetra til Randsverk. Du kan også starte 700 meter nord for Sota ved vegen, og gå merka stig mot Rundhaug.
Det har nå gått 200 hundre år eller meir sidan stulen vart nedlagt og setrene flytta ned på Sota.
Det bar til ei hending der som vart årsak til at dei flytta, og minnet om hendinga lever og blir framleis fortalt.
Gutane som vart inntekne i Raudhaug
![]() |
Raudhaug ovanfor Randsverk |
Da dei ikkje kom på setra at med geitene om kvelden vart budeia uroleg, og ho fekk med seg dei andre Randsverkbudeiene på leiting. Høgt og lågt inni fjellet vart det leita men gutane var ikkje å finne, så dei gav opp. Når dei hadde gått og ymta på at dei ville heim att, fekk ein tru at dei hadde teke på den vegen likevel. Det meinte budeiene.
![]() |
Randsverk med Randsverktjønn |
Julekvelden på Brandsar
Julekvelden etter da dei på Brandsar hadde dekt på bordet med julemat av alle slag og stelt til for helga så høyrde dei ei fæl ramling ute på garden. Dei viste ikkje ordet av det før døra gjekk opp og inn kom eit svært troll med ein av gutane deira i kvar hand. Gutane fortalde at dei budde i Raudhaug og at dei hadde fått med seg trollet heim ein tur den kvelden, for dei hugsa at det støtt var så gildt om julekvelden. Dei bad da om at heile følgjet måtte kome inn, og når det var gutane som bad kunne dei på Brandsar ikkje godt seie nei. Såleis bar det til at trollfolket heldt julekveld på Brandsar. Men folket der fann det best å koma seg til grannegarden. Å halde jul i lag med trolla, sto ikkje til for kristne folk.
Neste kveld var det roleg på Bransdar. Og dei såg ikkje til trolla før neste julekveld. Da kom trollhopen att på same vis, og slik gjekk det i mange år. På Brandsar sette dei på bordet og drog til grannegarden. Og når trolla kom køyrande og ridande nordantil bygda gjekk det så hardt at husa rista der dei drog fram. Vegen gjekk om Forbergsgardane den gongen og der rei dei så hardt at det rista i dørrinngane. Det var ringar på dørene den gongen. Det var ikkje mange som våga vera ute på vegane den kvelden.
Framandkaren
År etter år måtte dei på Brandsar halde seg borte julekvelden. Men ein juleefta kom ein framand kar til gards og bad om hus for natta. Dei bar seg for at det var uråd, for dei hadde ikkje hus sjølve dei. Om noko gav seg til der ville trolla ta dei. Men mannen meinte han ville ta den vågnaden sjøl, og så lenge bad han om det at dei gav seg. Men dei sa beint ut at dei trudde ikkje dei såg han att levande neste morgon.
Da mannen såleis endeleg fekk vera, gjekk han ut på jordet og skar ein gild stav av ein rogn som stod der. Denne staven kløyvde han i 4 delar til midt på, og tok med seg inn. Så fann han eit reinskinn som han laga ein alvorleg stor finnlabb av. I denne festa han ei snor, stilte den opp slik at han stakk fram får ein skåpdør inne der.
På Brandsar hadde dei dekt bordet og gått til grannegarden, og mannen ordna til det siste for å ta imot trollhopen. Han tok den lause enden av snora frå finnlabben og den 4-kløyvde staven og kraup bak peisen og la seg. Det gjekk ikkje lenge før ha høyrde ei veldig ramling ute på garden. Døra for opp og inn kom ein stor hop med troll, den eine større en den andre. Ein utgamal trollgubbe som var større en dei andre såg ut til å vera husbonden i laget.
Dei sette seg inntil bordet og forsynte seg som best dei kunne. Men så vart trollgubben var finnlabben som stakk fram får skapdøra. Han labba bort og såg vel på han. ”Bondemanns fot er stor”, sa han, ”men eg trur no min er større”. Og så stakk han foten i labben for å sjå om han passa. Men da drog mannen bak peisen fort i snora, og trollgubben rauk i golvet så lang han var. Da sprang mannen fram med rognstaven og tok til å denge laus på gubben. Nå er det slik med eit troll at det kan rekne av seg slaga det får, og gubben tok til å rekne: ”Eit, to –”. Men ettersom staven var 4-kløyvd fekk han 4 slag om gongen, og han kom berre til 2 før han fekk neste slag att og tok til og skrike høgt. Da dei andre trolla såg korleis det gjekk med gammlegubben vart dei så skremte at dei tok på dør, gamlegubben kraup på dør han med og heile flokken kom seg avgarde berre så det suste etter.
Nå var mannen åleine i huset og han la seg til å sove. Da Brandsarfolket kom att juledagsmorgon ville dei ikkje tru sine eigne augo da mannen var like god og i godt humør.
Etter den gongen kom ikkje trolla til Brandsar meir, og gutane såg dei aldri att. Men på
Rauhaug
Rauhaugstulen vart det umogleg å vera, så nære Raudhaug ville ingen vera budeie lenger. Brandsar og dei andre gardane tok seg nye setrer ved Sota.
Vil du finne plassen, må du køyre 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Det er bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Følg stigen Sota-Brennsetra til Randsverk. Du kan også starte 700 meter nord for Sota ved vegen, og gå merka stig mot Rundhaug.
Kommentarer
Legg inn en kommentar