Daudisgrop ved Føysa

Langs nordsida av Føysa på Billingen og mellom Tora og Føysa ligg fleire daudisgroper i lausmassane. Køyr Rv.15 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen like etter brua over Tora mot nord. Parker på parkeringsplass ved elva.

Daudislandskap langs Føysa
For ca 10 000 år sidan var det slutt på siste istida i Skandinavia. Da vart landskapet vi ser i dag danna.  I området ved samløpet mellom Tora og Føysa vart det avsett store mengder lausmasse da innlandsisen trekte seg attende.  Til å byrje med var landskapet goldt og nakent med mykje grus og stein iblanda delar av is som hadde kalva av breen. Brotstykka av isen kunne vere store og mange av dei var gøymde i lausmassane. Etter som tida gjekk smelta dei bort og danna tomrom i dei avsette massane. Vatnet forsvann ned i grunn og det vart eit tomrom der isen hadde lege.  Gropa som art danna kunne vere større eller minder ettersom kor stort isstykket hadde vore.  Derfor ser landskapet så kupert ut ved Billingen.  Ei slik grop kallast daudisgrop.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren