Erosjon på Tverrfjellet
Glasialt landskap er erodert av brear og har avrunda
former. Typiske landformer er botnar, morenar, ryggar, haugar og u-dalar. Når
du ser landskap med flyttblokkar, daudisgroper, skuringsstriper eller
drumliner, er det landskap som er forma av bre.
Morene
Morene er usorterte lausmassar som brear har erodert,
transportert og avsett. Du finn ofte store og små blokkar i morenemateriale i
Tverrfjellsområdet. Dei større steinane er ofte kantrunda. Materiale som er
avsett ved bresåla er bunnmorene. Overflata er ujamn og småkupert, og jorda er
ofte godt pakka og hard. Dette er typisk for området der det tynne og grove
morenedekket er rikt på store stein og blokkar på grunn av harde bergartar som
gneis og granitt. Skjellflye er det området med slakast terreng og strekker seg
frå den vestlege munninga av Grjotådalen
i sørvest, til dei vestlege skråningane av Halvorshø og Gjuvkampen i nord. Her
dominerar morene som lausmassedekke.
Ablasjonsmorenar
Ablasjonsmorenar, eller avsmeltingsmorenar, dannast
når materiale som har vore transportert oppå, inni eller i såla av isen, vert
avsett når isen smeltar ned. Dette gjev ofte eit kaotisk landskap med fleire
haugar og ryggar som ligg fordelt tilfeldig på overflata. Ablasjonsmorenar
finst spesielt i området Gjuvdalen aust
for Halvorshø og nord for Gjuvkampen og Tverrfjellstoppen.
Sirkulære
ablasjonsmorenar
![]() |
Ablasjonsmorene på Skjellflye |
Mindre haugar
og ryggar
Det er mange haugar og ryggar på det slakare partiet
på Skjellflye og Tverrfjellsflye. Dei er truleg danna på liknande måte som ein
ablasjonsmorene, men dei har ein meir grusig og sandig karakter. Dette kan være
indikasjon på at dei er avsett i rennande vatn ved isavsmeltinga, kor dei meir
finkorna sedimenta har vorte transportert vidare ned mot Ottadalen.
Like ovanfor Flækøyhø ligg derimot ein litt spesiell
haugform som ser ut som haugformene på Skjellflye, berre at denne har tydelig
lagdeling av finare sediment. Her er finst særs finkorna materiale, omtrent som
kvabb. Det fine materialet kan ha vorte avsett i roleg vatn bak ei mellombels
oppdemning av is eller morenemateriale. Ei anna forklaring kan vere at forma
har blitt avsett lagdelt inni breisen og der laga har heldt seg intakt ved
sakte nedsmelting av is.
Nord på Skjellflye finst ein hesteskoforma haugform
som demmer opp eit lite tjønn. Forma har same materiale som resten av rygg- og
haugformene på Skjellflye, men har denne karakteristiske hesteskoforma sett
ovanfrå.
Drumliner
![]() |
Drumlines på Skjellflye |
Flutings
Du finn mange flutings i landskapet nedanfor
Grjotåbreen. Dette er sedimentryggar som kan være frå nokre få meter til
centimeter i høge og breie, og som
følgjer tidlegare isbevegelse. Du finn dei ofte i grupper ved sida av kvarandre
og dei er vanlege i nyleg avdekka breforland. Desse formane har låg haldbarheit
og eroderast relativt raskt ned etter dei blir avsette.
Flyttblokker
Når is har frakta blokker frå den staden dei ble
plukka laus av berget, blir dei kalla flyttblokker. Du finn mange flyttblokker
i lågare områder og dei blir færre med høgda. Dei høgaste flyttblokkene finn du
heilt opp til 1920 meter
over havet, aust for toppen på Hestdalshøgda. Dette tyder på at innlandsisen har
dekka heile Tverrfjellsområdet.
Spylerenner
Du finn mange spylerenner på nordre og indre del av
Skjellflye mot Lindheimslågå. Spylerenner blir uterodert i bunnmorene,
blokkmark eller fast fjell og følgjer hellinga til ei isoverflate. Spylerennene
er samla og går parallelt i seriar nordaustover.
Rundsva
Rundsva er bergknabbar som er skurt av isbre på
støtsida og plukka på lesida. Støtsida blir avrunda og lesida blir meir ujamn.
Du finn rundsva nord for Grjotåe i Grjotådalen. Dei har støtsida vendt mot
aust, noko som tyder på isbevegelse oppover dalen mot vest.
Kommentarer
Legg inn en kommentar