Fossesprøyt i Føysa og Tora

Åmot der Føysa stuper ned i Tora
Tora har sitt utspring mot Rauma og Norddal kommune. Den tek opp i seg Tverråe inne i Tordalen, og Føysa framme ved Billingen seterstul før den renn ned i Otta elva.  Føysa går i djupt gjel innover til Langvasslågån. Føysa renn ut i Tora ved seterstulen.  Elvane går i fossar og stryk ned til åmot ved seterstulen. Området ved seterstulen får høg grad av fukt i lufta. Det gjer at vi får meir nattdogg om sumaren og til ein viss grad ising og rim om vinteren. Det spesielt råe miljøet rundt utløpet til Føysa i Tora gjev og vekstvilkår for spesielle lavartar.

Tora og Føysa har skåret seg ned i skarpe gjel og renn som fossar over steiltståande lagdelte gneisbergartar. Langs Tora er det stort sett fast fjell med sparsamt lausmassedekke mellom knausane. Elvene har kaldt smeltevatn som er rikt på breslam.

Der Føysa renn ut i Tora, er det gamal furuskog. Her veks det store mengder med ulvelav.  Dei store primærforekomster av ulvelav på furu, har spreidd seg også til å vekse på bjørk. Etter stigen på austsida av Føysa, finn du også ulvelav på bjørk og noko unormalt også på stein. Furusotbeger er også vanleg i området.

Mosefloraen er rik med frodige mattar av blodnøkkemose, stivkulemose, knippegråmose, tråddraugmose, hallsbyllskortemose, hjelmmose, fleinljåmose, knippegråmose, bergfoldmose, opalnikke og levermosar.

Dei nedre delane av Føysa er eit område som har vore nærare utforska i samband med utredninga av Reinheimen nasjonalpark. Det ble funnet 180 artar av lav, men det blir rekna for å vere langt fleire i området. Her finn ein blant anna eit stort mangfald innan arten saltlav. Artar som er registrert er hovudsaltlav, spatelsaltlav, flatsaltlav, gulskjell, skjoldsaltlav, kulesaltlav samt teppekjeldemose.
Dei oransje flekkane på steinar er laven hymenelia lacustris. Den er svært vanleg i området.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren