Gamal furuskog på Billingen

Ulvelav
Einstulen naturreservat ved Billingen er et skogsområde som ligger lengst nordvest i Skjåk, på østsiden av riksveg 15, like før Strynefjellsvegen passerer Billingen og samløpet mellom Tora og Føysa. Einstulen ligg på austsida i Billingsdalen frå Føysa og 1,5 km sørover.

Området har gamal furuskog i den vestvendte lia. Stigen opp til Føysstein går gjennom området.  Elles er det blåbær og småbregneskog med nokre urtar og noko fuktig grunn. Det er mykje
grov og truleg svært gamal furu i området og nokre gadd. Den unge bjørkeskogen opp mot Føysa har vekse seg svært tett etter at det var slutt på seterdrifta på Billingen for 30 år sida.

Langs småbekkane kan du finne nokre myrplantar som gulstarr, blankstarr, hårstarr, fjellfrøstjerne, dvergjamne, gulsildre, skogsiv, og rikmyr med mosar som myrstjernemose og brunklomose.

Området er mest kjent for store mengder ulvelav på furutrær nær Føysa. Noko meir spreidd kan ein finne raudlisteartar som furusotbeger og gråsotbeger på grove furukvistar. På læger er det nokre raudlista soppartar: Skeletocutis lenis, furuplett og piggbroddsopp. Er du heldig kan du sjå tretåspetten i området.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren