Holåsanden
![]() |
Hålåsanden |
Holåsanden ligg på vestsida av Lundadalsvatnet der Holåe kjem ned frå Holåbreen. Holåe delar seg i ei vifte over deltaet som elles er turt og har sparsom vegetasjon.
Området er brukt av våtmarksfugl, spesielt sandlo.
Holåbreen er ein isbre mellom Tundradalen og Lundadalen. Breen ligg mellom og opptil dei tre Holåtindane som alle er høgare enn 2000 meter. Holåbreen har eit areal på 20 km² og er den 20. største isbreen i Norge.
Fottur
Køyr Rv15 mot aust frå Bismo og ta fylkesvegen mot Lundagrendi etter 3,5 km. Køyr fylkesvegen og ta Lundadalsvegen til venstre etter 2,1 km. Følg Lundadalsvegen 6,6 km til Lundadalssætre og parker. Bomveg.
Stigen innover Lundadalen startar på Lundadalssetra. DNT-stigen til Trulsbu tar av til venstre over ei hengebru ved Røysflatan etter om lag 2 timer. Følg god stig vidare på vestsida av Skjøle forbi Sauhytta og inn til osen på Lundadalsvatnet. Det tek om lag 1 time å gå frå Røysflatan til osen. Du går vidare langs Lundadalsvatnet til Holåsanden på ein halv time.
Kommentarer
Legg inn en kommentar