Istida vart oppdaga i Skjåk

Den gamle ferdselsvegen gjekk på nordsida av dalen
Viss du går innover Rauddalen forbi Nedre Leirvatnet og Ytste Leirvatnet, kjem du til Merradalsbotn heilt vest i Skjåk 1 km før grensa mot Stryn. Ser du opp mot sør, ligger det ein arm av Sikilbreen. Dalbotn er snau for vegetasjon med mykje stein og blokkar. Ruta innover mot Kamperhamrane går i dette golde terrenget. Dersom du går den gamle ferdselsruta frå 1700-tallet, må du 100 meter opp i dalsida på nordre side. Her vil du sjå at det ligg fleire store steinblokkar og mindre stein som eit slags gjerde ned mot dalen. Frå den gamle stigen og oppover lia er det grønt, men nedanfor er det mest svaberg og stein heilt over mot breen i sørsida av dalen.

I den lille istida omkring 1750 dekte Sikilbreen heile dalen heilt opp til den gamle ferdselsruta. Da breen trakk seg attende, og fekk besøk av Jens Esmark og to studentar i 1823, hadde breen lagt att ein svært så spesiell morene: Otto Tanks morene.

Forfattaren av den nyleg utgjevne boka «Istidens oppdager», Geir Hestmark, seier at dette er ei så sensasjonell oppdaging, at Tanks morene bør stå på UNESCO si verdsarvliste.

Jens Esmark
Jens Esmark (1762-1839), vart fødd og hadde vekse opp i Houlbjerg i Danmark, der du den dag i dag kan plukke opp stein som ikkje forekommer i fast fjell hjå våre naboar i sør, men som er velkjende i Norge og Sverige. Den lokale kyrkja er bygd med granitt og gneis som også må ha vore flytta nordfrå.

Få norske geologar, og truleg enda færre utanlandske, er klar over at han var den fyrste som skjønte at Skandinavia har vore dekt av ei iskappe, og at restane etter framrykkingar og attendegang i isen var å finne over alt kring i Norge, ikkje berre i fjellet.

Jens Esmarks oppdaging av Istider
«I midten av september 1823 kom ein eldre professor og hans to unge studentar attende til Christiania etter tre månader på reise i Norge. Underveis hadde dei snubla over den største vitskapelege oppdaging som er gjort i norsk natur: Dei hadde oppdaga istida når dei sto og studerte ein morene i Skjåk.

Reisen
Jens Esmark vart sendt ut for å undersøke malmførekomstar ved Lysefjorden, men gjorde ein langt større reise opp heile Vestlandet og over fjellet frå Oppstryn-Hjelle-Folva-Sunndalen-Kamperhamrene-Leirdalen-Rauddalen-Framrusten-Bråtå. Turen gjekk vidare gjennom bygdene i Skjåk i Ottadalen til Lom, ned Gudbrandsdalen til Fåberg og på austsida av Mjøsa til Christiania.

Reisefylgjet
Esmark hadde med seg to studentar: Niels Otto Tank frå ein av dei rikaste familiar i Norge og busett i Fredrikstad og Jan Theodor Kielland frå ein rik familie i Stavanger. Jan Theodor Kielland er ein fjern slektning av meg.

Esmark dro frå Christiania i fylgje med 19 år gamle Kielland og 23 år gamle Tank som begge var bergstudentar.

Å dra på ein reise med Jens Esmark sommaren 1823, var ein ypperleg måte å lære meir bergvitskap på. Kielland og Tank vart nære venar. Ikkje berre delte dei interessa for bergvitskap, men mødrene deira var herrnhutarar som var ein kristen brødremenighet.

Stavanger
Esmark, Tank og Kielland kom til Stavanger i 1823. Byen var mest kjent for sitt sildefiske og et febrilt religiøst liv blant de 3500 innbyggarane. Kielland kunne her besøke sin mor i Spinderhuset i Brattegaten. Hun hadde tatt over som postmester i byen da ektemannen Jan Kielland døde i 1813.

I byen fantes også familiens rikare gren, handelshuset Jacob Kielland & Søn, berømt frå Alexander Kiellands romanar. I Stavanger dominerte Kielland-familien store deler av det økonomiske og sosiale liv, slik Tank-familien dominerte i Fredrikstad. Dette passet Esmark bra, for han ønsket støtte til å studere meir enn det oppdraget gjekk ut på.

Esmark-morenen i Strand
Under undersøking for kopparverk ved Lastabotn nær innløpet til Lysefjorden, gjekk dei tre sørover til Forsand og opp til Haukelivatnet. Her fann dei ein rygg som lå som ei demning for vatnet. Lokalt vart denne grusryggen kalt for Vassryggen, og som seinare vart kjend som Esmark-morenen.

Otto Tanks morene i Skjåk
Otto Tanks morene
Openberringa fekk Esmark og hans to studentar på veg nedover Rauddalen like før Ytste Leirvatnet. Nærare bestemt ved Rauddalsbreen (det som no heiter Sikilbreen). Her fann dei det som no heiter Otto Tanks morene. Den ligg 1 km vest for Ytste Leirvatnet.

I det dei tok steget frå breen og ned i det smale forlandet på austsida, støtte dei snart på ein vegg av grus og stein som lå parallelt med brefronten og på tvers av dalen. Det var ein kombinert ende og sidemorene til Rauddalsbreen. Denne morenen vart truleg brøyta på plass ved kulminasjon av den lille istida omkring år 1750. Morenen er oppbygd av sand, leire, grus og store steinar. Eit stort V-forma gap i morenen, tydar på tilfelle av flom der vatn har brote gjennom morenen. På austsida av morenen ligg det ei stor utvaskingsflate – ein sandaur som var ein kilometer lang breelvslette med berre få meter fall ned mot Ytste Leirvatnet.

Sjølv om Tank-morenen berre var 5 meter høg og Esmark-morenen var 25 meter høg, var dei påfallande like. Dette vart erkjenningspunktet for Esmark sin teori om istider.

Etter oppdaginga av istidene
Reisen hadde vart i nesten tre månader. Og resultatet var uventa og sensasjonelt. Kielland fant ut  likevel at geologi ikkje var hans kall. Han vart teke opp i Christiania Brødremenighet i desember 1823, og flytta inn hjå predikanten Niels Johannes Holm. Han studerte teologi, ble personellkapellan for presten i Øyer i 1830 og seinare sokneprest i Haa i 1838.

Tank fortsette sine studiar av mineralogi og kjemi. Men han ble Herrnhutar-misjonær og sto seinare opp mot slaveriet i Surinam i Vestindia og vart grunnleggar av eit religiøst samfunn i Wisconsin.

Esmark arbeidet vidare med materialet frå reisen og publiserte ein artikkel om istider eit halvt år seinare.

Påstanden til Jens Esmark
I artikkelen publisert i Magasin for Naturvitenskapene i slutten av april 1824, fastslo Jens Esmark, professor i bergvitskapene ved Det Kongelige Fredriks Universitet i Christiania, at det no lå føre uomstøytelege og tilstrekkelege bevis for at Norge tidlegare var dekt av enorme isbrear, brear som hadde gravd ut dalar og fjordar og nådd heilt ned til havet, eit hav truleg dekt av is. For å forklare slike dramatiske klimaendringar, lanserte han ein teori om forandringar i jorda sin bane rundt sola.

Bevisene
1. Store lause blokkar
Mellom Morstua ved Mjøsa og Løten fant dei lause store steinblokkar i dagen.
Dei må ha vore førte hit langveis frå, og bergarten i steinblokkane er forskjellig frå berggrunnen dei kviler på. Man kan sjå dei frå E6 sør for Stange i dag.

2. Blokkar på fjellryggar og toppar.
Ved fronten til Rauddalsbreen i Skjåk hadde Esmark sett denne prosessen i aksjon. Der er blokkar frå sørsida flytta oppover i motståande side av dalen. Det ser no ut som eit gigantisk gjerde høgt over dalbotn. På toppen-av-fjellet-blokker hadde Esmark også observert i Numedal.

3. Blandinga av stort og lite = morene.
Store lause steinar er blanda med ei stor mengd sand og grus i langstrakte høge haugar i Østerdalen.  Han forkastar at deponeringa har skjedd med vatn, og stadfester bre-is-deponering.

4. Ein morene ved havnivå og ein oppunder breen.
Esmark-morenen, Vassrygg ved Forsand i Strand kommune og Tankmorenen i Rauddalen i Skjåk kommune, er danna ved at isen har hola ut dalen og lagt masse opp i ein voll. Sandauren nedanfor morenane og det påfallande V-forma snittet der bre-elven renn eller har rent gjennom, gjer at desse to morenane fortel historia om at dei er danna på same viset.

5. Norges overflate: fjordar, dalar og bortførte massar.
Norske fjell har vore innhylla i is like ned til havet, og havet må ha vore eit ishav. Breane har ved sin store utvidande kraft og gliding frå høgare fjell til låglandet, slipt ned dalar og fjordar og lagt att massane i lause avsetningar.

Skjåk Folkebibliotek
Du kan låne boka «Istidens oppdager - Jens Esmark, Pioneren i Norges fjellverden.» 
Ein biografi av Geir Hestmark utgjeve på Kagge Forlag, 2017

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Brukseieren

Oldemor 104 år