Kleberstein
Raudberga stikk opp av grunnfjellet mange stader i Skjåk i det som blir kalla TGL-komplekset eller Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset. Du ser dei som knausar i nyansar av gult og rustraudt.
Nokre stader i raudberga som på Raudhaugen på Sotflya finn vi linser av kleberstein og talk. Her kan du sjå at folk i eldre tider har skore ut emne til gryter av kleber. Det er også teke ut kleber i det vesle raudberget nedanfor Breiddalsdammen ved Grotli.
Kleberstein er danna av andre bergartar under trykk og høg temperatur. Farga går frå mørk grå til grøn, ofte også med rustfarga felt. Mineralsamansetninga er talk 10-90 % , magnesitt 10 – 40% og mindre mengder av amfibolpyroksen, kloritt, magnetkis, magnetitt, pyritt og serpentin. Rein kleberstein er danna frå serpentin.
Talkrik kleber er nytta som råstoff til produksjon av talkum. Industrielt nyttar dei talkum i maling, porselen og kosmetikk.
Kleberstein er ein relativt blaut og feit bergart, og den er frostsikker og har motstand mot kjemikaliar. Klebersteinen er lett å forme og ein kan skjære den med motorsag. Den nyttast ofte til dekor. Fleire slott og kyrkjer har utsmykking av kleberstein. Relativt hard kleber har også vore nytta til bygningsstein, til dømes i Nidarosdomen.
Klebersteinen tåler varme opp til 1550 °C og den har framifrå magasineringsevne. Såleis har kleberstein vore brukt ofte i omnar og peisar.
Kleberstein er knytta til det norske språket. Omgrepet kleber kjem frå ordet kljå-berg. Med kljå meines ein lodd til vev og garnsøkke. Grjotstein kjem frå det gamalnorske ordet grjot. Ordet gryte er avleda av grjot. Og av grytestein laga folk kokekar i vikingtida.
Fettstein og mjulkstein har også vore brukt i staden for kleberstein. Desse namna fortel at steinen er ”feit”, ”glatt” eller ”som såpe” når du tar på den.
I Norge er det kleberstein over store delar av landet. Alt i bronsealderen tok folk ut kleberstein. I dag er det klebersteinsbrot i Vik i Sogn, Sel og ved Mosjøen. I Skjåk har folk teke ut kleber berre i små kvanta til gryter i eldre tider.
![]() |
Kleberbrot ved Raudhaug |

Kommentarer
Legg inn en kommentar