Morenedekket på Tverrfjellet

Tverrfjellet er ein del av Breheimen Nasjonalpark i Skjåk. Området er avgrensa av Ottadalen i nord, Lundadalen i aust og Tundradalen i vest. Det er relativt roleg terreng med ein høgdeforskjell frå 1000 til 2100 meter over havet. 

Vegetasjon
Over tregrensa rundt 1000 meter over havet, er det dvergbjørk, lyng, vier og gras. Høgare opp i blokkmarka dominerar lav og mose. På lappar av fint materiale mellom blokkmarka kan du finne fjellblomar, mose og lav som til dømes innover Grjotådalen frå Skjellflye. Det har også vorte registrert  små furuer i blokkmarka heilt opp mot 1700 meter over havet på vestsida av Grjothø.

Klima
Breheimen ligg lokalisert mellom Jostedalsbreen og Jotunheimen.  Klimaet er meir kontinentalt enn maritimt fordi dei høgare områda av Breheimen i sør og vest skjermar for Tverrfjellsområdet. Området kan mogleg representerast av værstasjonen på Sognefjellet. Ein reknar at det er meir enn 1000 mm nedbør i året i dei høgare fjellområda. Den dominerande vindretninga er frå vest og sørvest.

Geologi
Den kaledonske fjellkjedefoldinga danna dei geologiske strukturane i Tverrfjellsområdet. Bergrunnen er granittiske gneisar og migmatittar.

Geomorfologi eller overflateformer på Tverrfjellet
Juvtjønn på Tverrfjellet ligg i blokkmark
Tverrfjellet har eit relativt roleg terreng med avrunda blokkmarktoppar der skråningane har
slak helling. Dette står i markert kontrast til dei bratte skråningane ned i dalane. Det er ikkje særleg med skredaktivitet, som steinsprang eller snøskred, med unntak på Grjotåbreen i botnen nedanfor Hestdalshøgda. Lågare delar av Tverrfjellsområdet er forma av glasial aktivitet og har morenedekke. Over 1500 meter dominerar blokkmarka som gjennom lang tid er forma ved kombinasjonar av frostforvitring og kjemisk forvitring.


Høgtliggande områder med blokkmark har truleg vorte teke vare på under kald is gjennom opp til fleire istider. Under isfrie periodar, som vi kallar mellomistider, ble landskapet på Tverrfjellet forma av frost og tining i bakken. Dette gjeld både i fast fjell og i overflatemateriale som til dømes morenedekket. For å forstå korleis landskapet er forma, er framveksten av små og store brear og permafrost viktig. Gjennom Kvartær  tid dei siste 2,6 millionar år, var landskapet i området truleg heilt dekka av innlandsis fleire gonger. Tverrfjellsområdet låg under eller nære isskiljet gjennom delar av siste istid, og isen var truleg over 2000 meter tjukk over dalen i Skjåk. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren