Pilegrimsvegen til Selje
Kristninga av dei nordlege fylka i gulatingslaget ser ut til å ha sitt utgangspunkt i dei forhandlingar som kong Olav Tryggvason hadde med bøndene på tinget på Dragseidet. Bøndene skal ha blitt imponert av kongen si makt og lot seg døype. Det var også ved denne hendinga at kongen og biskopen hans vart gjort kjent med dei mennskebeina som fanst i ei hole oppe i fjellet på Selje.
I år 996 utropte Olav Tryggvasson Selja til den fyrste heilagstaden i Norge. Sunniva vart helgenkåra. St. Sunniva er Noregs einaste kvinnelege helgen, og segna om ho var svært viktig i kristninga av Noreg. Soga fortel at Olav den Heilage gjekk i land på Selje for å knele i kapellet i Sunnivahola då han vende tilbake til Noreg frå England i 1015 for å vinna kongsmakt.
Det var pilgrimsvandring i den katolske tida i Norge frå austlandet og vestover til heilagdomen på Selja. Denne ruta kopla saman dei to helgenane Olav i Nidaros og Sunniva på Selje. Ei kystlei frå Florø til Selje er merka i dag. Den heiter Sunnivaleia.
Vi finn kvinner som heitte Sunniva i mellomalderbrev frå Skjåk, men utover det lite anna. Derimot er det avdekt eit titals Sant-Ola minne i Skjåk. Sant-Ola er det lokale namnet på Sankt Olav i Skjåk. Desse minna finn vi også langs den gamle ferdavegen vestover.
Da den lutherske reformasjonen nådde Norge i 1537, vart pilegrimsvandringar forbode.
Varebyte
Samkvemet med vestlandsbygdene var større i eldre tid enn no. Mykje av grunnen til dette var at landsdelane var meir avhengige av kvarandre med varebyte. Skjåk kunne levere koppar, never, tjære og bek. Dei tok med seg turrfisk og salt heimatt. Ellers var det mykje handel med fe og hestar.
Spor
I mellomalderen var det både gåande og ridande som reiste mellom landsdelane. Men det viktigaste bruksmiddelet var kløvhesten. Alle varene av noko storleik vart kløvja over fjellet.
I 1895 kom den nye vegen til Stryn. Etter den tid har dei gamle kløvvegane grodd att. Men vi finn spor etter dei mange stader. Ein hest med kløv var såpass tung at den sette djupe spor i terrenget. Vegtraseane har fleire stader sige ut, og mange bekkar og blaute område var hellelagt.
Kvar gjekk leia?
Startar vi ved Fossbergom i Lom ved Moar kyrkje, som Lom kyrkje er kalla i middelalderbreva, så gjekk vegen vestover på sørsida av dalen der Rv15 går i dag. 15 km vestover kjem ein til Vollungsbru i Skjåk. Vollungsbru var nemnt i veigabota frå ca. år 1400. Brua var truleg ei dobbelt utleggsbru i mellomalderen.
Vegen fortsette vidare gjennom Bismo. Den gongen var det ein aude furumo her. Vest for Bismo gjekk leia over Skamsarbru eller Bruheimsbru og vidare vestover Nordberg på sørsida av dalen.
Lindsheim var den siste garden mot vest i mellomalderen og seinare ein viktig maknadsplass. Vegen fortsette forbi Lindsheim og Dønfoss på sørsida av dalen og inn på Tundramoen. I munningen av Tundradalen var det bru over Tundra i gjelet nedanfor garden Nedre Brumillom. Vegen gjekk ei kort strekning på vestsida av Tundra, før ein måtte krysse Ostri på ei bru.
Vegen følgde nordsida av Ostradalen innover og forbi Brekkom seterstul, som var Nord-Aura grenda si heimseter. Vest for seterstulen tok vegen opp på Bastbuåsen, som heiter Bråtååsen i dag, og ned i Framrustdalen til Framrustsetera. Dette var sumarseterstulen til Nord-Auringane.
Her gjekk det 2 leier vestover til Stryn. Den eine gjekk over Sjømannslsetta, over Raudbergshalsen og ned i Raudalen. Vidare vestover gjekk leia langs Rauddalsvatnet, over Kamperhamrane og ned i Sunndalen til Folven og Hjelle. Denne leia var ikkje så mykje brukt i mellomalderen på grunn av det ulendte terrenget ved Kamperhamrane. Seinare vart det lagt ned eit stor arbeid her for å kome fram.
Den mest brukte leia forsette frå Framrustsetra, mot nord over Nordmannskrokane og Haraldvendsflye. Vidare vestover fortsette leia langs nordsida av Glittervatnet, langs austsida av Huguvardstjønn og fram på bretten aust for Åfåttjønn. Her har ein vidt utsyn over Grotliområdet.
Leia svinga her vestover og nedover til Heillstuguvatnet. Like etter nedstigninga er Heillstugu bygdt på ei lita høgd på sørsida av Heillstuguvatnet. Frå Heillstugu fortsette leia vestover på sørsida av Heillstuguvatnet. I vestenden av vatnet, litt oppe i innløpsosen der elva Måråi breier seg ut, var det vad.
På andre sida av Måråi gjekk leia opp og vestover til Vargevasskulane. Vegen svinga inn Vassvenddalen mot nord og forbi Vassvenda, der vatnet byrjer å renne mot Stryn. Her ved Vassvenda ligg eit anna herberge som vart kalla Vassvendingsherberget. Vegen svingar med dalen vestover forbi Kongsvarden og ned langs nordsida av Langvatnet til Tystigen.
No går leia inn i Stryn kommune. Den fortset på nordsida nedover den trange Videdalen til Videseter der det var ei bru. Leia ser ut til å ha kryssa over til nordsida ikkje så langt ned for Videseter. Her kryssar vegen elva frå Skjeringsdalen og fortset fram til garden Skaare, som er øvste garden i Stryn.
I år 996 utropte Olav Tryggvasson Selja til den fyrste heilagstaden i Norge. Sunniva vart helgenkåra. St. Sunniva er Noregs einaste kvinnelege helgen, og segna om ho var svært viktig i kristninga av Noreg. Soga fortel at Olav den Heilage gjekk i land på Selje for å knele i kapellet i Sunnivahola då han vende tilbake til Noreg frå England i 1015 for å vinna kongsmakt.
![]() |
Selje kloster |
Vi finn kvinner som heitte Sunniva i mellomalderbrev frå Skjåk, men utover det lite anna. Derimot er det avdekt eit titals Sant-Ola minne i Skjåk. Sant-Ola er det lokale namnet på Sankt Olav i Skjåk. Desse minna finn vi også langs den gamle ferdavegen vestover.
Da den lutherske reformasjonen nådde Norge i 1537, vart pilegrimsvandringar forbode.
Samkvemet med vestlandsbygdene var større i eldre tid enn no. Mykje av grunnen til dette var at landsdelane var meir avhengige av kvarandre med varebyte. Skjåk kunne levere koppar, never, tjære og bek. Dei tok med seg turrfisk og salt heimatt. Ellers var det mykje handel med fe og hestar.
Spor
![]() |
Tydelege spor etter kløving |
I 1895 kom den nye vegen til Stryn. Etter den tid har dei gamle kløvvegane grodd att. Men vi finn spor etter dei mange stader. Ein hest med kløv var såpass tung at den sette djupe spor i terrenget. Vegtraseane har fleire stader sige ut, og mange bekkar og blaute område var hellelagt.
Kvar gjekk leia?
Startar vi ved Fossbergom i Lom ved Moar kyrkje, som Lom kyrkje er kalla i middelalderbreva, så gjekk vegen vestover på sørsida av dalen der Rv15 går i dag. 15 km vestover kjem ein til Vollungsbru i Skjåk. Vollungsbru var nemnt i veigabota frå ca. år 1400. Brua var truleg ei dobbelt utleggsbru i mellomalderen.
Vegen fortsette vidare gjennom Bismo. Den gongen var det ein aude furumo her. Vest for Bismo gjekk leia over Skamsarbru eller Bruheimsbru og vidare vestover Nordberg på sørsida av dalen.
Lindsheim var den siste garden mot vest i mellomalderen og seinare ein viktig maknadsplass. Vegen fortsette forbi Lindsheim og Dønfoss på sørsida av dalen og inn på Tundramoen. I munningen av Tundradalen var det bru over Tundra i gjelet nedanfor garden Nedre Brumillom. Vegen gjekk ei kort strekning på vestsida av Tundra, før ein måtte krysse Ostri på ei bru.
![]() |
Bråtååsen med Framruste nede i dalen |
Her gjekk det 2 leier vestover til Stryn. Den eine gjekk over Sjømannslsetta, over Raudbergshalsen og ned i Raudalen. Vidare vestover gjekk leia langs Rauddalsvatnet, over Kamperhamrane og ned i Sunndalen til Folven og Hjelle. Denne leia var ikkje så mykje brukt i mellomalderen på grunn av det ulendte terrenget ved Kamperhamrane. Seinare vart det lagt ned eit stor arbeid her for å kome fram.
Den mest brukte leia forsette frå Framrustsetra, mot nord over Nordmannskrokane og Haraldvendsflye. Vidare vestover fortsette leia langs nordsida av Glittervatnet, langs austsida av Huguvardstjønn og fram på bretten aust for Åfåttjønn. Her har ein vidt utsyn over Grotliområdet.
Leia svinga her vestover og nedover til Heillstuguvatnet. Like etter nedstigninga er Heillstugu bygdt på ei lita høgd på sørsida av Heillstuguvatnet. Frå Heillstugu fortsette leia vestover på sørsida av Heillstuguvatnet. I vestenden av vatnet, litt oppe i innløpsosen der elva Måråi breier seg ut, var det vad.
På andre sida av Måråi gjekk leia opp og vestover til Vargevasskulane. Vegen svinga inn Vassvenddalen mot nord og forbi Vassvenda, der vatnet byrjer å renne mot Stryn. Her ved Vassvenda ligg eit anna herberge som vart kalla Vassvendingsherberget. Vegen svingar med dalen vestover forbi Kongsvarden og ned langs nordsida av Langvatnet til Tystigen.
No går leia inn i Stryn kommune. Den fortset på nordsida nedover den trange Videdalen til Videseter der det var ei bru. Leia ser ut til å ha kryssa over til nordsida ikkje så langt ned for Videseter. Her kryssar vegen elva frå Skjeringsdalen og fortset fram til garden Skaare, som er øvste garden i Stryn.
Kommentarer
Legg inn en kommentar