Rv15

Planar
Planen for heilårsveg ti Vestlandet frå juni 1949, hadde eit alternativ gjennom Grasdalen på 67 km og ei alternativ line om Raudalen på 57 km. Mysubyttlina på 54 km var ikkje aktuelt. Raudalsalternativet låg 100 m høgare enn Grasdalslina og gjekk over den gamle driftevegen gjennom Kamperhamrane.
Det største problemet med Grasdalslina var skredfaren. Mykje av lina ville følgje vegen til Geiranger. Geologiske undersøkingar viste at det ikkje ville vere noko problem med tunneldrivinga.

I 1967 vedtok Stortinget at vegen skulle byggjast etter Grasdalslina.

Bygging
I september 1969 starta arbeidet på parsellen Skjåk seter-Grotli. Arbeidet frå strynesida starta i 1970. Grunna snømengdene føregjekk arbeidet om sommaren, medan tunnelane vart drivne heile året. Ospelitunnelen 2,5 km hadde gjennomslag i 1972, Grasdalstunnelen 3,7 km i 1975, og Oppljostunnelen 4,5 km i 1976.

Rv15 ved Hamsevika
Vegen er 41,1 km. Til saman er det tre tunnelar på 10,7 km. Vegbreidda er 7 m. Til saman er det 15 bruer på anlegget. Som sikring mot snøskred ble det bygd eit 100 m langt overbygg i Grasdalen og fleire raskjegler. Høgste punktet på vegen er 940 moh. i Oppljostunnelen.
I 1965 var vegen kostnadsrekna til 63,8 mill. kroner. Den reelle kostnaden ble det doble. Heilårsvegen Skjåk-Stryn var eit stort framsteg for samferdsla mellom Aust- og Vestlandet.

Trafikk
Vegen ble opna for trafikk 11. september 1977 og fekk riksvegnummer 15.
Om vinteren 1979 var gjennomsnittstrafikken 110 bilar i døgnet. I 2005 var årsdøgntrafikken 757, og i juli månad var trafikken 1949 bilar gjennomsnittleg per døgn.

Parsellen Langevatn – Breidablikk var den fyrste vegstrekning som fekk "Vegdirektørens pris for vakre veger" - som er ein prestisjetung hederspris for veganlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnaden.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren