Skomakersteinen

Sevald Lund var fødd i Lundagrende i Skjåk i 1764. Han var gift med Ellen Kalshussæter frå Norddal på Sunnmøre. Slik ble Sevald eigar av Kaldhussæter. Han døydde i 1834.

Omkring 1820 hadde Sevald ein tenestekar som vart kalla Jehans Skomaker. Jehans skulle tene halve delen av tida på Kaldhussætra og andre halve delen på Forberg i Skjåk. Han skulle flytte mellom Kaldhussæter og Forberg kvar fjortande dag. Om sumrane laga Jehans til ein liggjeplass innved ein stor stein på fjellet.

Plassen har blitt kalla Skomakersteinen sidan. Det renn ei bekk forbi staden. Ho har vorte kalla Skomakerelva sidan. Skomakersteinen ligg etter stigen på Reindalsråket innanfor Hamsevika i Breiddalen.

Det skal vera 7 mil frå Kaldhussæter og til næraste oppsittar i Skjåk, og halve delen av denne vegen er høgfjell. Men likevel klarte Jehans alle desse turane året rundt. Når han kunne fara her fleire vender på kaldaste vinteren, så må han ha vore ein hardhaus.

For å finne Skomakersteinen, kan du køyre Rv15 4,3 km forbi Grotli, og ta av inn mot rasteplassen til høyre. Køyr 1,1 km vidare på gamle Geirangervegen og parker langs vegen ved brua over Hamsa. Gå opp DNT-stigen til Danskehytta. Etter 2,0 km ser du to stigkryss. Ved det stigkrysset lengst mot sør, ser du Skomakersteinen 200 meter opp i bakken mot søraust.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Oldemor 104 år

Brukseieren