Dørkampen

Fra toppen av Dørkampen mot Gråhø
Dersom du starter frå Billingen i Skjåk, så skal du starte på parkeringsplassen på seterstulen. Parkeringsplassen ligg rett vest for der Føysa møter Tora. 

Start på DNT-stien til Torsbu, og gå mot aust på brua over Tora etter 100 meter.  Her går det umerka fin sti på nord-vest sida av Store Føysa til der Langevasslågan tar av mot nord. Du skal gå vidare til Blåbergtjønn og nordover til høgaste punktet i Dør. Herfrå finn du lettaste rute opp på Dørkampen. Det er 11 km eller 4 timer inn til Dør. Dei siste 270 høgdemetrane opp på den 1820 meter høge Dørkampen tek ca. 1 time.

Innover mot Dør
På turen har du gått på gneis. Dørkampen er raudbrun, og bergarten her heiter Ultramafitt. Den består av ei god blanding av olivin, peridotitt, pyroksenitt, serpentinitt og kleberstein. 

Vass-Per
Vass-Per var ein kjent mann i Skjåk. Namnet var eigentleg Peder Pedersen Dagsgaardødegaard (1782-1846). I pantebok for 6.juni 1842 står det: «Peder Pedersen Dagsgaardødegaard har solgt og skjødet en sextende Deel i sine i følge Muthingsbreve af 6 December 1841 tilmuthede Crommalmanvisninger, beliggende i Dørkampen paa Høijøymene i Billingsfjeldet.»

Peder selde sine rettigheiter til Svend Klarqvist (1785-1872). Han var bokhaldar frå Härjedalen i  Jämtland, som kom til Røros nokre år, og busette seg i med familien i Surnadal på Nordmøre i 1842. Kjeldene fortel at han i desember 1843 var bergmann busett i losji hjå målar Ingebrikt Hagen i Trondhjem, men fast bustad var med familien på Bøvra i Surnadal. Klarqvist hadde mutingsbrev på Røros før 1835 og var i kontakt med bergassessor Dunker som også hadde mutingsbrev på Røros og som var ein av gründerane av Leren kromfabrikk.  

Frå Dørkampen mot Torsvatnet og Karitind
Den krommalmen dei fant ble truleg kløyva med hest ned frå Dørkampen, over Storbotn, langs Storvatnet, forbi Digerkampvatnet og ned Asbjørnsdalen til Rånå. Stien gjekk ned Bølie på austsida av Rånåkollen. Øvst i Bølie lå Fugelleiken med Haltsteinane. Det var to steinar ved sida av kvarandre med passe avstand for ein hest med kløv. Her var det fast kvileplass. Frå Haltsteinane gjekk stien ned til Bøsletta og ut til vadet over Rauma ved Snipen og inn på Bøvermoen på Bjorli. Ferda vidare frå Bjorli gikk ned Romsdalen til Veblungsnes på Åndalsnes for å skipast til Trondhjem. 

Her lå Leren kromfabrikk ved Nedre Leirfoss i Nidelva, og drivarar var eit interesseselskap med Høe Co (eid av grosserar Gerhard Fredrik Høe), Meinecke Sønner Co, Chr. A. Lorck Co, Hans Knudtzon Co og grosserar Hans Brun. Høe Co hadde overtatt fabrikken av bergasessor Dunker nokre år tidlegare. Det var same mann som Svend Klarqvist kjente frå Røros før 1835. 

Her produserte dei kromblått av malmen. Kjemikar August Strohmeyer ved kromfabrikken satsa etter kvart på produksjon av kromsalt til garving. Da får læret en lys blå farge.  I 5-års perioden 1841-45 selde fabrikken 307 tonn kromsalt. 

På eit tidspunkt i 1842 lå det 74 tonn malm og venta på utskiping på Åndalsnes, og året før ble 144 tonn utskipet til Liverpool. Truleg kom ein del av denne malmen frå skjerp i Lesja-fjellet.  Mesteparten av krom-malm kom likevel frå Røros til Leren kromfabrikk. 

Steinhytta
Det ble ei kortvarig utvinning av krommalm i 1840-åra. Kanskje berre eit år. Drifta har nok vært lite lønsam, været var dårleg og avstandane var lange. Så høgt til fjells var det  ikkje noko brennbart og vatn måtte hentast langt nede i Dør. Mat, ved og arbeidsreiskapen måtte kløyvast opp frå Skjåk eller Lesja som lå mange timer unna. 

Men drifta var skikkelig tilrigga. Steinhytta på toppen hadde truleg plass til meir enn 10 mann. I

ein av steinane er 1842 hogd inn. Hytta har to rom med over ein meter tjukke veggar. Grunnflata er på nesten 50 m2. Taket var lagd av tjukke steinhellar på solide takbjelkar. Hytta ble restaurert i 1999 av skjåkværer med Sverre Fallingen i spissen.

Litt lenger nede i sida på Dørkampen er det rester etter enno eit bygg. Det har vore spekulert på om denne plassen var brukt som stall for kløyvhestane. 

Krom-skjerpa
Rundt hytta er det tydelege spor etter malm-leiting. Det er tre små lommer med krom-skjerp på Dørkampen. Dei hadde ujamt kromitt -innhald. Totalt ble det sprengt ut 10 tonn krom-malm.


Ref.

Dørkampen mot Storvatnet
Dørkampen er eit raudberg
Du kan sjå gule og raude knausar stikke opp av fjellet i Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset. TGL-komplekset dannar ein Y på kartet. Det strekker seg frå Sota over Rauddalsdammen til Grotli i Breiddalen. Her delar TGL-komplekset seg i ei grein mot nord til Tafjord og ei grein mot nordaust til Lesjaskog.

Serpentinitt og olivinstein har eit tynt oksidasjonslag på omlag 1cm ytst som er svært ulikt den finkorna, mørke og friske bergarten. Raudberga er så næringsfattige at det blir liten eller ingen vegetasjon på jordsmonnet som blir danna ved forvitring. Rauberga er nakne, raude og ofte sterkt oppsprukne i blokkar.

Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata, men i Skjåk er det mange av dei. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget, mens vatn kan grave seg godt ned i raudberga som til dømes ved Framruste.

Ved metamorfose kan olivin reagere med vatn og luft og danne mineral som serpentin og talk og bergarten serpentinitt. Elles inneheld raudberg magnesitt, tremolitt, kloritt, kromitt, og ørsmå mengder av platina og palladium. Den reine krystallen av olivin blir kalla peridot. Det er ein halvedelstein.

Vi har raudberg som er undersøkt blant anna på Dørkampen, Høgjøymen og Krosshø. Omvandlinga på dunittene varierer sterkt, og nokre stader er dunitten omdanna til serpentin. I fleire av disse serpentin-kollene er det kromitt.

  • Dørkampen har ein 500 meter lang og 100 meter bred serpentinitt med 60 % frisk olivin, og kromitt
  • På Høgjøymen er ein 30 meter lang og 5 meter bred svakt talk-omvandla dunitt.
  • På Krosshø er det ein 700 meter lang og 100 meter bred ultramafitt. Bergarten er ein svakt fortalket dunitt med 60 % frisk olivin og 30 % kloritt.

Krom
Reint krom ble isolert fyrste gong i 1798. Metallet har stor verdi i legering med jern fordi det hindrar korrosjon. Jernet frå Lesjaverk hadde motstand mot rust på grunn av små mengder krom, nikkel og vanadium. Drifta der var avslutta før dei fant krom-malm på Dørkampen. Lesjaverket ble drevet frå 1659 til 1812. 

På 1800-tallet ble kromsaltet brukt til kromblå farge i måling og garving av lær. Seinare som impregnering av trevirke. Det viktigaste bruksområdet i dag er som legeringsmateriale i rustfritt stål. Vidare nyttast krom til overflatebehandling ved at metallet leggast i eit tynt sjikt med elektrolyse. Krom er også et sporstoffmineral som er viktig for at kroppen skal kunne omdanne sukker til energi.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bookmarks

Brukseieren

Oldemor 104 år